Gratis ferjer, dopapir-krise: Sjå dei villaste artiklane under koronapandemien


Grafen har som andre medier skreve fleire artiklar under koronapandemien. No som dei fleste restriksjonane går mot oppheving er det tid for tilbakeblikk på godsaker:

Gratis ferjer for dei som vil betale kontant

15. mars 2020

Statens vegvesen sendte ut pressemelding om stopp med billettering på riksferjene. I følgje dei sjølv for å hindre spreiing av smitte mellom trafikant og billettør. Ordninga var slik at trafikantar med AutoPASS-brikke måtte betale, medan dei som berre hadde kontantar kunne reise gratis.

Ingen fare enno, men stengde grenser i dei nordiske landa kan gi dopapir-krise i Noreg

20. mars 2020

I mars 2020 hamstra heile verda dopapir. I Nederland stod folk i lange køar for å kjøpe det ettertrakta papiret. Grafen intervjua Europris, Rema 1000, Coop og Norgesgruppen om deira lagerkapasitet. Coop hadde 11 stappfulle trailerar med dopapir på vegg inn til lageret.

Mann tok tablettar meint for reingjering av akvarium

29. mars 2020

Det var USAs president, Donald Trump, som sa på pressekonferanse at ein komponent også funnen i reingjeringstablettar for akvarium, kunne behandle koronavirus, noko som seinare førte til dødsfall.

Munnbind effektivt for å beskytte seg mot koronavirus

31. mars 2020

Legar i Asia tilrår bruk av munnbind, men i Noreg fraråda styresmaktene munnbind. Sjølv Verdas helseorganisasjon sa at folk ikkje treng munnbind. Seinare har det blitt påbod.

Lilla lesjonar på tå og hæl – Folkehelseinstituttet: – Verdt å kjenna til for legar

15. april 2020

Forskarar fann nytt symptom på koronavirus som dreier seg om lilla lesjonar på tå og hæl. Funna var observert i Spania, Italia og Frankrike. I Noreg fanst ikkje data på grunn av låg innrapportering. Legar og helsepersonell ser etter lilla lesjonar som kan vere tidleg symptom på smitte. Folkehelseinstituttet sa til Grafen den gang det var ein interessant observasjon som er verdt å kjenna til for legar og helsepersonell også i Noreg.

Tran mot koronavirus

12. november 2020

Universitetssjukehuset i Oslo rulla i gang eit Möllers tran-prosjekt fordi dei meinte at forsøkspersonar som drakk tran hadde lågare førstekomst av koronaviruset. Disclaimer: Alle kunne delta bortsett frå gravide, personar som ikkje tåler tran eller maisolje, personar med lever- og nyresjuksommar, og personar over 75 år. Altså dei fleste i risikogruppa.

Massedrap på mink

13. november 2020

I Dammark vart mellom 15 og 17 millionar mink slengt i dieselrøyk fordi det var påvist ein mutert variant av koronaviruset på nokre få. Seinare vart minken gravlagt på eit militært skytefelt, og gravd opp og ned att. Mattilsynet sa til Grafen den gang at dei har nettbasert spørjeunderesøking med minkbønder og at dei vurderer informasjon og erfaringar frå andre land.

Gav 23 millionar kroner i julegratiale til seg sjølv

5. desember 2020

I tida då 200 000 var meldt arbeidsledige hjå NAV spanderte Statens vegvesen 23 millionar kroner på seg sjølv ved å dele ut 5000 kroner i julegratiale til kvar av dei ansatte. – I private bedrifter må pengane tjenast før dei kan brukast, humra ein sjefredaktør.