Ingen fare enno, men stengde grenser i dei nordiske landa kan gi dopapir-krise i Noreg


Dei siste dagane har mangel på dopapir vore toppsaker i fleire utanlandske medier. Folk verda rundt hamstrar i panikk på grunn av koronavirus.

Også i Nederland har folk hamstra det spesielle papiret, og dess fleire restriksjonar styresmaktene har innført for å stoppe spreiinga av koronavirus, dess meir hamstring. I Nederland har folk også stått i lange køar utanfor såkalla «coffeeshops» og hamstra cannabis, før dei går i karantene.

Nederlands statsminister: – Har dopapir for 10 år

Ein som tok til ordet var den nederlandske statsministaren, Mark Rutte. Inne på ein lokal supermarknad torsdag denne veka, sa han til ein kunde som hamstra at: «vi har så mykje dopapir at vi kan bæsje i ti år», før han gjekk vidare.

Ein RTL-journalist flima hendinga:

Ingen utfordringar i Noreg om situasjonen ikkje vert langvarig

Grafen har spurt dei store kjedene, her Europris, Rema 1000, Coop og Norgesgruppen om dei har dopapir, kor lenge lageret rekk, og om dei er avhengig import frå land utanfor EU.

Kommunikasjonssjef i Norgesgruppen, Kine Søyland, seier til Grafen at slik situasjonen er i dag har dei godt med varer på lager, også toalettpapir.

– Toalettpapir er blant varene som vert importert, og styresmaktene har vore tydelege på at naudsynt varetransport skal komma over grensene, sjølv om dei elles er stengt.
– Vi vil difor få varer også framover, sjølv om det naturleg nok må påreknast forseinkingar.

Søyland kan ikkje gå i detalj kor lenge lageret rekk, men vil anmode om at alle kjøper det ein treng og ikkje meir. Då vil alle ha varer, slik at alle får det ein treng.

Harald Kristiansen som er kommunikasjonssjef i Coop seier det ikkje er noko dopapir-krise.

– Coop har dopapir i ein eller annan form på lager, og leverandørane produserer varer kvar dag. Dei har nok råvarer til produksjon.

– Utvalet kan nok variere litt frå butikk til butikk, inntil alle lager er fylt opp, men no er det 11 trailere med dopapir på tur inn til vårt lager, seier Kristiansen.

Direktør for innkjøp i Europris, Jon Boye Borgersen, seier at det førebels ikkje er noko utfordring for deira leverandørar på råvarer generelt, men hvis situasjonen vert langvarig kan emballasje og resirkulert materiale verta ein utfordring.

– I tillegg vil eventuelt heilt stengte grenser i dei nordiske landa bli ein kritisk faktor.

Produksjonen går for fullt i fabrikkane, primært i Finland og Sverige. Borgersen seier at utfordringa er hamstringseffekten på typiske slike varer i førre veke, og det tek tid å komma ajour att.

– Vi får i desse dagar ca 60 – 70 % av behovet for å kunne fylla opp til normal behaldning att. Kor lenge vi har underdekning på toalettpapir er uvisst. Vi ser også på muligheita for å importere parti av toalettpapir frå andre produsentar, men då innanfor EU på grunn av lang ledetid frå land utanfor EU.

Grafen fekk ikkje kontakt med PR- og kommunikasjonssjef Calle Hägg i Rema 1000 på verken telefon eller e-post, men pressekontakt Torkel Nohr Fjørtoft svarte følgjande: «Vi har godt med dopapir både i butikk og på lager. Til tross for hamstringa førre veke har vi bortimot normalbeholdning, så det er ingen grunn til å kjøpe meir enn ein treng».