Mattilsynet til Grafen: – Ikkje påvist koronavirus hjå mink i Noreg enno


Danmark skal avlive mellom 15 og 17 millionar mink etter påvisning av koronavirus. Dette etter at det i førre veke vart påvist ein mutert variant av det dødelege viruset.

Viruset skal også ha smitta frå mink til menneske, og så langt skal 12 personar har blitt smitta av den muterte varianten.

I Danmark er Forsvaret, Beredskapsstyrelsen og Heimevernet i full gang med avliving av mink. Grunngjevinga for avliving er at den muterte varianten kan gjere ei vaksine ineffektiv.

Ikkje påvist i Noreg enno

Mattilsynet seier i kommentar til Grafen at det ikkje er påvist koronavirus hjå mink i Noreg enno. Dei seier at det heller ikkje er nokon mistanke om at mink i Noreg er smitta.

– For å kunne oppdage eventuelle smitte tidleg, har Mattilsynet innført overvaking. Dette skjer ved ein kombinasjon av ei nettbasert spørjeunderesøking og ved at minkbønder testar sjølvdaude mink eller mink som vert avliva på grunn av sjukdom eller skade, seier ein tenestemann til Grafen.

I følgje tilsynet er det ikkje sikkert at smitta mink i Noreg vil lide same skjebne som i Danmark, men at dei vil nytte informasjon og erfaringar frå andre land.

Tilsynet seier at ei eventuell handtering av smittetilfelle i ein farm i Noreg vil bli vurdert ut frå både dyrehelse- og folkehelsemessige perspektiv.

Informasjon og erfaringar frå andre land vil vera ein del av kunnskapsgrunnaget.

På spørsmål om minkbøndene i Noreg vil få kompensasjon for avliving seier tilsynet at det ikkje er dei som avgjer.