Nei, det vert ikkje gratis [korona]ferjer på Mannheller-Fodnes eller Hella–Vangsnes–Dragsvik-sambandet


Faksimile Sogn Avis, 15. mars 2020.

Sogn Avis skriv i dag det vert gratis ferjer, og har lagt saka bak betalingsmur. Om det er ein kreativ måte å få nye abonnentar på, eller om det er ein glipp er uvisst.

Statens vegvesen sendte ut ei pressemelding om stopp med billettering på riksvegferjene frå søndag og ei veke fram, til søndag 22. mars.

– Dette gjer vi for å hindre spreiing av smitte mellom trafikant og billettør. På den måten unngår vi å utsetje mannskapet som har ein samfunnskritisk rolle, seier leiar for ferjekontoret Edvard T. Sandvik.

Gratis, men berre viss du tek ut AutoPASS-brikken

Vegvesenet skriv at der billettering kan gjennomførast utan kontakt mellom billettør og trafikant vil denne halde fram som normalt. Dette betyr at sambanda som har innført AutoPASS-billettering vil verta gjennomført som vanleg.

Sambanda på Mannheller-Fodnes og Hella–Vangsnes–Dragsvik-sambandet har AutoPASS, og har du det, må du betala som før. 

Regelendringa gjeld kun trafikantar som ikkje har AutoPASS, og som vil betala kontant eller med kort.

Spesialrådgjevar i vegavdelinga, Lise Olsmo Oen, seier på telefon til Grafen at billettørane ikkje skal ha kontakt med reisande, slik som ved kontant betaling eller med kort på grunn av smittefaren.

Derimot vil ein kunne reisa gratis om ein fjernar AutoPASS-brikken fysisk, og viser fram ein hundrelapp. Oen seier at ho håpar ikkje mange gjer dette, då det er Noreg som må betale i ettertid. Tunge køyretøy har imidlertid krav om obligatorisk brikke.