Gundersen: – Finst data som kan tyde på at vitamin D gjev noko beskyttelse mot covid-19


Gløym anerkjente institutt og legemiddelfirma som Gamalejainstituttet, AstraZeneca og Pfizer med milliardbudsjett og forskarar i verdsklasse.

Her i Noreg meiner universitetssjukehuset i Oslo at tran, då helst Möllers tran, kan førebygge sjukdommen covid-19, også kjent som koronaviruset.

Tran kjem frå levra til torskefisk og vert produsert i industriell produksjon i store fabrikklokale.

Les også: Ordre på 1 milliard dosar: Instituttet bak Ebola-vaksinen utvikla verdas første COVID-19 vaksine

Oslo universitetssjukehus vil ikkje svare på spørsmål

I følge heimesida til universitetssjukehuset hevdast det at deltakarar som brukte tran i eit anna studie hadde lågare førekomst av covid-19. Sjukehuset tek forbehald om at det like gjerne kan skuldast at deltakarane beskytta seg betre mot sjukdommen på andre måtar.

Deltakarar i det nye «Transtudiet» får tilsendt tran eller placebo som dei skal ta dagleg i seks månader.

Alle kan delta bortsett frå gravide, personar som ikkje tåler tran eller maisolje, personar med lever- og nyresjuksommar, og personar over 75 år. Dessutan frarådar Wikipedia tran til personar som brukar blodfortynnande legemiddel som Warfarin.

Fleiretalet av dei som døyr av koronavirus er imidlertid over 75 år, men Grafen har ikkje fått svar frå sjukehuset på kvifor grensa er satt der.

I alt skal studiet inkludere minst 70 000 deltakarar – noko som vil gjere studiet til det største kliniske studiet som er gjennomført i Noreg.

Studiet er delfinansiert av firmaet bak Möllers tran. Hedda Holth ved Oslo universitetssjukehus har ikkje kunne svare Grafen på kor mykje pengar det dreier seg om, og kor stor del av studiet som er finansiert av tranprodusenten.

Professor i fysiologi Kristian Gundersen ved Institutt for biovitenskap (Universitetet i Oslo). Foto: Studio Vest/Stine.

– Finst data som kan tyde på at vitamin D gjev noko beskyttelse mot covid-19

Grafen har spurt professor i fysiologi ved Universitetet i Oslo, Kristian Gundersen, om tranprodusenten misbrukar covid-19 pandemien til å berike seg sjølv.

Gundersen seier at han forstår det slik at tranprodusenten opptrer som eit legemiddelfirma som saman med sjukehuset driv klinisk utprøving.

– Om dei følgjer dei same reglane er det vel omtrent like greit eller ugreit som at legemiddelindustrien står for det meste av forskninga på legemidlar, seier han.

I følgje professoren finst det data som kan tyde på at vitamin D gjev noko beskyttelse mot covid-19, og at universitetssjukehuset såleis testar ei rimeleg hypotese.

Han meiner det naturlegvis er eit problem at det vert forska på noko som er salsfremjande, såkalla marknadsføringsforskning, som er eit kjent fenomen for legemidlar, og legg til at vi burde ha meir uavhengig forskning.