Media skuldar på Trump etter at mann tok tablettar meint for reingjering av akvarium


Ein mann frå Arizona i USA omkom etter at han drakk tablettar meint for reingjering av akvarium.

Det var USAs president, Donald Trump, som sa på pressekonferanse at ein komponent også funnen i reingjeringstablettar for akvarium, kunne behandle koronavirus. Komponenten, ein form av klorokin, er nytta i tablettar for reingjering av akvarium.

Klorokin er imidlertid ikkje det same som antimalariamedisinen med klorokinfosfat, som presidenten snakka om på pressekonferansen.

Antimalariamedisinen har effekt mot koronavirus i følgje amerikanske styresmakter, sjølv om den treng fleire kliniske testar.

Fleire påpeikar at Trump ikkje har tilrådd at nokon skal medisinere seg sjølv, men at slikt må gjerast av helsepersonell.

Mannen frå Arizona er ikkje den første det gjekk gale for. Fleire rapportar frå Nigeria viser at sjukehus har motteke ein serie av pasientar med overdose av klorokin.