Dette må legar og helsepersonell som undersøkjer personar med mistenkt koronavirus kjenna til


Sår på føttene som minner om vasskoppar kan vera nytt symptom på koronavirus, i følgje forskarar i Spania. Folkehelseinstituttet seier til Grafen dei nye symptoma er verdt å kjenna til for legar og helsepersonell i Noreg.

Symptoma skal dreie seg om lilla lesjonar [abnormalt vev, red. anm.] som liknar veldig på vasskoppar, men som ofte oppstår på tå og hæl, utan å etterlate seg merker seinare.

I følgje forskarane er symptoma observert på pasientar i Italia, Frankrike og Spania. Det er uklart om slike observasjonar er gjort i Noreg, på grunn av låg innrapportering.

– Det har vore ein aukande del av slike symptom på covid-19 pasientar, og særleg på barn og ungdom, men også nokre vaksne, seier den spanske gruppa.

Nedanfor kan du sjå bilete som viser slike symptom:

Gruppa har laga ein rapport om ein 13 år gammal gut som fekk symptoma. Rapporten vart skriven først fordi legar trudde han vart bitt av ein edderkopp i hælen. Men seinare utvikla han symptom på koronavirus.

Legane fann ut at både systra til guten og mora hadde hatt feber, hoste og store pusteproblem seks dagar før det oppstod slike lilla lesjonar på føttene til guten.

I Spania er legar og helsepersonell no bedt om sjå etter slike lesjonar som kan vera tidleg symptom på smitte.

Folkehelseinstituttet: – Verdt å kjenna til for legar eller anna helsepersonell som intervjuar og undersøkjer personar med mistenkt covid-19

Trine Hessevik Paulsen som er lege ved Folkehelseinstituttet seier til Grafen at det nye koronaviruset kan gi svært mange ulike symptom, noko dei stadig lærer meir om.

– Dei vanlegaste symptoma hjå personar med covid-19 i Noreg har vore hoste og feber, seier Paulsen, og hudsjukdom i liten grad har vore rapportert, men at dei heller ikkje veit kor godt dette har vore undersøkt.

Paulsen seier at Folkehelseinstituttet veit at ei rekkje luftvegsinfeksjonar kan gi ulike symptom i huda. I tillegg kan komplikasjonar frå infeksjon eller tilleggsinfeksjonar gi hudsymptom.

Ho seier at difor må det undersøkast om symptoma som vert observert kan ha annan forklaring enn covid-19.

– Det er likevel ein interessant observasjon som er verdt å kjenna til for legar eller anna helsepersonell som intervjuar personar med mistenkt covid-19, avsluttar Paulsen.