Politibetjent i Bergen truga med drap og skalleknusing

Fredag startar straffesaken mot politibetjent Henrik Kronstad Heienberg (33). I følgje tiltalen utferda av statsadvokaten må han svare for vald og trugsmål mot to andre politibetjentar i Bergen.

Politibetjenten sin advokat Alexander Gonzalo Sele i firmaet Preto Askevold & Fehr seier i kommentar til Grafen at mannen ikkje erkjenner straffeskuld.

Kjetil Myhrvold er oppnemnd som dommar i saka, medan statsadvokat Magne Kvamme Sylta representerer påtalemakta. Sylta har ikkje ville uttale seg til Grafen utanom det reint formelle.

Hendinga politibetjenten er tiltalt for fann stad kl. 04:15 om natta i Dag Hammarskjölds veg i Fyllingsdalen i mai 2021. Der slo han ein annan mannleg politibetjent i ansiktet fleire ganger og stakk fingrar inn mot auget hans. 

Politibetjenten kom også med fleire trugsmål og skal ha sagt «eg skal knuse skallen din» og gjentok fleire ganger at han skulle «drepe» kollegaen sin.

Tiltalen seier ingenting om motivet for ugjerninga. 

I tillegg skal politibetjenten ha komme med fleire utsegn som «du er sjuk i hovudet», «forbanna tapar», «[Namn], eg skal pisse i auga ditt», «du er ei pisse-fitte, det har du alltid vore sidan faren din forlot deg» og mellom anna «kom nær meg så skal eg dra hovudet ditt ut av trynet på deg, du er ein stygg forbanna fitte, feig jævel».

Det går også fram av tiltalen at ein kvinneleg politibetjent måtte bruke fysisk makt overfor han.

I tillegg til punkta i tiltalen har statsadvokaten lagt ned påstand om tap av stilling, noko som gjer at politibetjenten risikerer bli frådømt retten til å arbeide i politiet. 

Heilt sikkert er det likevel ikkje: Grafen har det siste året omtalt to saker der totalt tre polititenestemenn får halde fram arbeidet i politet med rulleblad.

To av desse er etterforskingsleiarar i Kripos, medan den tredje er den valdsdømte politibetjenten Jostein Langballe (46) frå Tvedestrand kommune som banka opp ein psykisk sjuk pasient. Langballe vart dømt til 36 dagars fengsel, og arbeidar i dag med etterforsking i politiet.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.