Etterforskingsleiarar får jobbe i Kripos med rulleblad

Kommunikasjonsrådgjevar Axel Wilhelm Due i Kripos vil ikkje svare på spørsmål om kvifor to domfelte får arbeide der. Foto: Kripos/ CC BY-ND 2.0

Grafen har tidlegare skreve om etterforskningsleiarane i Kripos, Tor Kjetil Kallmyr (50) og Øystein Jørgensen (52), som begge var tiltalt av Riksadvokaten for grovt brot på tenesteplikta.

Les også: To etterforskningsleiarar i Kripos tiltalte av Riksadvokaten

Kallmyr og Jørgensen braut lova då ein drapssikta 15-åring vart avhøyrd uten forsvarar. Avhøyret vart gjort i forbindelse med dobbeltdrapet på Lund i Kristiansand i 2016.

Riksadvokaten stadfestar ovanfor Grafen at begge er domfelt for overtredelse av straffeloven § 171 og at dommen er rettskraftig.

Kommunikasjonsrådgjevar i Kripos, Axel Wilhelm Due, seier til Grafen at både Kallmyr og Jørgensen i dag arbeidar som politioverbetjent med brutto månadsløn på 58 967 og 56 800 kroner.

På spørsmål om kvifor begge arbeidar som politioverbetjent når dei er domfelt har ikkje Due ville svare på tross tre purringar. Due vil heller ikkje seie noko om korleis dette påverkar tilliten til Kripos og politiet generelt.

Får jobbe som politioverbetjent med merknad på rullebladet

Det er Kripos som har ansvaret for strafferegisteret og andre register som politiet brukar, inkludert informasjon til politiattest.

For å få jobb i politiet må ein ha såkalla «plettfri vandel» og dokumentere dette i uttømmande og utvida politiattest.

Grafen har forelagt domsslutningen for Morten Holmboe som er professor og ekspert på politiattest ved Politihøgskulen:

«NN dømmes for overtredelse av straffeloven § 171. Utmåling av straffen frafalles.»

Han seier at han forstår domsslutningen slik at retten har brukt heimelen i straffelova § 61 om straffutmålingsfrafall.

Men sjølv om utmåinga av straff er frafalt, vert det likevel anmerkning.

I følge Holmboe skal anmerkningen vera ført slik:

Ordinær politiattest (politiregisterloven § 40): Nei. Reaksjonen er ikkje med i opprekninga i § 40 nr. 2.

Uttømmande politiattest (politiregisterloven § 41): Ja, der vil så å seie alle reaksjonar gå fram.

Holmboe seier at politioverbetjentane etter dommen er i same situasjon som om dei hadde godteke påtaleunnlatelsen.

Påtaleunnlatelse er ein strafferettsleg reaksjon.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.