Grafen har fått «tampongpatrulje»-rapporten om Vest politidistrikt


Vest politidistrikt har utvikla seg til eit system av korrupsjon, pedofilsaker, fyllekøyringssaker, saker om kvinnemishandling og ruskøyring.

Dei seinare åra – etter at Arne Johannessen og Kaare Songstad tredde inn i leiarstilingar har ukulturen eksplodert. 

Nyleg presenterte politidistriktet ei «intern undersøking» som har avdekt fleire tilfeller av intern seksuell trakassering utført av leiarar og annan ukultur.

Les rapporten Grafen har fått tilgang på her [PDF]

Det er mellom anna gjort funn at vaksne menn i leiarstilling legg seg etter 20 år gamle kvinner.

Vidare vert det fortalt om «festkultur» og eit miljø der tilsette ikkje tør varsle om kritikkverdige forhold.

Les også: Hyllestad-lensmann køyrde bil i pillerus

No i helga: – Stupfull politimann køyrde utfor vegskrent og rett i stolpe etter fest med to politikvinner i bilen

Den leasa bilen til politimannen som køyrde av vegen ved Ytre Honningsvåg i Stad kommune. Har du tips? send desse til tips@grafen.media eller i skjema. Foto: Politiet

Dagen før rapporten kom vart ein politimann, også i Vest politidistrikt, sikta og suspendert frå stilinga si etter ei utforkøyring.

I følgje dokument Grafen har fått var mannen i stillinga «politibetjent 1» som er det lågaste nivået. Det var då lensmann Nils Ove Roset fra Gloppen som signerte den første arbeidsavtalen.

Les også: «Dark Room»-politimannen fekk lønn frå politistasjonen i Bergen heilt fram til nyttår

Med seg i bilen hadde han to kollegaer, som begge er tilsett i politiet. Verken politimannen eller politikvinnene meldte frå om ulukka i ettertid.

Grafen kjenner til at ei av kvinnene har stillinga «politibetjent 3» som er det høgaste nivået. Den andre kvinna som var med i bilen er «konsulent» og arbeider primært med publikumsekspedering.

Den aktuelle hendinga har skjedd ved Ytre Honningsvåg i Stad kommune laurdag 20. juni. Grafen arbeidar med å finne ut meir informasjon, og har begjært innsyn i dokument og logg frå operasjonssentralen.

ETTERLYSNING: HAR DU BILETE, INFORMASJON ELLER TIPS? SEND TIL TIPS@GRAFEN.MEDIA ELLER BRUK KRYPTERT SKJEMA.

Det var forbipasserande som ringte til Alarmsentralen laurdag 20. juni kl. 08:51 om morgonen. Ulukka skal ha skjedd kl. 00:25. Dei tre tilsette i politiet skal ha vore på hyttefest nær ulukkesstaden, der det skal vera 30-sone og smal veg.

Les også: Politibetjent Thomas Fonnes i Vest politidistrikt fekk bot for ulovleg journalsnoking

(saka vart oppdatert 06.07.2020)