Politimann må i fengsel etter fyllekøyring


Politibetjent Karl Martin Aas Østby (28) i Vest politidistrikt må sone 21 dagar i fengsel etter fyllekøyring i fjor sommar. I tillegg må han betale 35 000 kroner i bot – under halvparten av det påtalemakta tilrådde, og mistar førarkortet i 22 månader.

Mest truleg får han sone heile straffa med fotlenke sidan den er under fire månader.

Les også: Politimann som fyllekøyrde får dommen neste veke

Politiet har vore tilbakehaldande med informasjon til Grafen og har ikkje ville seie noko om kor høg promille politibetjenten hadde, eller kvifor dei har brukt lang tid på målearbeidet.

I følgje dommen er det produsert ein sakkundigrapport frå Oslo universitetssjukehus der det hevast at alkoholkonsentrasjonen var minst 0,99 promille på tidspunktet for køyringa.

Grafen har ikkje fått innsyn i rapporten, tal, føresetnader eller metodane som er lagt til grunn for resultatet.

Med seg i bilen hadde han to kvinnelege kollegar som arbeidar i politiet. Den eine ei då 40 år gammal kvinne, den andre på 36 år. Begge kvinnene er heimehøyrande i Stad kommune.

I følgje dommen hadde Østby stillinga politibetjent 2, medan politiet har tidlegare opplyst til Grafen at han hadde det lågare nivået, politibetjent 1.

Les også: Politibetjent fekk bot for journalsnoking

Les også: Politietterforskar dømd for telt-tjuveri

Politisjef i Sogn og Fjordane, Arne Johannesen har ikkje svart Grafen på spørsmål, men seier til det statlege nyhendebyrået Nrk at politimannen sjølv har sagt opp stillinga si i dag, med verknad frå 1. februar.

Grafen har spurt politisjefen om følgjande:

– Kvifor har du gjeve han muligheit til å seie opp stillinga sjølv, framfår å gje avskjed slik som er vanleg praksis i grove og alvorlege saker?

Når Østby seier opp eiga stilling står det ingenting i attesten han får, samt at han får heva lønn på skattebetalarane si rekning fram til 1. februar.

– Kvifor bør det ikkje stå anmerkning i attesten om fyllekøyringssaka?

– Har du tillit til dei to kvinnene som var med?