«Dark Room»-politimannen fekk lønn frå politistasjonen i Bergen heilt fram til nyttår


Grafen har tidlegare skreve om politibetjent Rune Marheim som var tiltalt for å ha lest tekstar med framstillingar av seksuell omgang mellom barn og vaksne.

I oktober fekk han ein dom på 30 dagar fengsel for å ha lest noveller som skildrar seksualisert vald mot barn. Marheim brukte nettbrettet sitt og mobiltelefon til å laste ned einogtjue tekstar.

Les også: Her er «Dark Room»-politimannen

Marheim vart knepen i overskotsmateriale frå den såkalla «Dark Room»-saken nokre år tilbake; i 2016.

Først året etter vart han suspendert frå stillinga si, men beheldt full lønn. Seinare kom han attende til stillinga, fordi bergenspolitiet meinte at ei vidare forlenging av suspensjonen ville vera ei «uforholdsmessig belastning».

Tiltalen vart skriven 4. januar 2019 og først i oktober kom dommen.

Då har saka rulla i fleire år med full lønn. Dokument Grafen har fått tilgang på viser at Marheim fekk siste lønnsutbetaling 12. desember 2019 med 36 197,64 kroner på konto.

Adresse, fødselsnummer, kontonummer og fagforeningstilknytning er sladda av HR-seksjonen til Vest politidistrikt. Foto: Grafen.

Ein ordknapp Arne Lutro, leiar for stab og kommunikasjon i Vest politidistrikt, seier til Grafen at Marheim ikkje lenger har arbeidsoppgåver der.

Forsøkte leggja lok på saka

Grafen har opplevd enrom trenering og forsøk på hemmeleghald i denne saka. I arbeidet med «Dark Room»-saken måtte Grafen kverne nesten eit heilt år på innsyn i dokument. Men vi har tid og stå på-vilje.

Ein privatperson som vart tiltalt i «Dark Room»-saken fekk 1,5 år fengsel og saka gjekk i ekspressfart for domstolane. I dommen er det trekt fram eine og det andre om kor alvorleg saka er.

Tilsette i politiet får derimot ei positiv særbehandling av eigen arbeidsgjevar og av domstolane. Samtidig samarbeider dei om å halde hemmeleg informasjon om straffbare forhold begått av offentlege tenestemenn, og ikkje minst trenere sakshandsaminga til det uendelege.

Dommarar er også svært selektive i val av informasjon som vert teke med i dommane til offentlege tenestemenn.

Snipp, snapp, snute

Politidirektoratet nektar svare Grafen på spørsmål om Marheim fekk lov til å seie opp stillinga si sjølv, eller om han fekk avskjed.

Marheim er fødd i 1963 og er omfatta særreglane for tidlig pensjon, som vil seie at han kan bli pensjonist når han er 57 år gammal, altså no.

Grafen har ikkje fått svar på spørsmål frå direktoratet, men det vil vere regelrett korrupsjon om embetsfolket har kverna saka sidan 2016 og hjelpt politimannen inn på den spesielle pensjonsordninga.

TIPS OSS: Vi er interessert i tips om saker som gjeld kritikkverdige forhold i offentleg sektor. Brukt vårt krypterte kontaktskjema på grafen.media/tips med filvedlegg.

Les også:Politibetjent fekk bot for journalsnoking

Les også:Hyllestad-lensmann køyrde bil i pillerus