Thomas Fonnes, politibetjent i det skandaleomsuste Vest politidistrikt, vedtok tidlegare denne månaden ei bot for journalsnoking.
I tillegg oppgir han på LinkedIn-profilen sin at han no arbeidar i Øst-politidistrikt.
Kommunikasjonsansvarleg i Øst-politidistrikt, Pål Marthinsen, avkreftar ovanfor Grafen at Fonnes arbeidar der.
Grafen bad Marthinsen dobbeltsjekke opplysningane, men svaret er at ingen med namnet Thomas Fonnes arbeidar der. Marthinsen har heller ikkje kunne stadfeste tidlegare arbeidsforhold.
Det var søndag 29. juli i fjor politibetjenten opna to saker i politiet sitt arkivsystem utan at han hadde tenestemessig behov for dette. Saka gjaldt undersøkingar knytta til at langrennsløpar Vibeke Skofterud var sakna og seinare funnen omkommen.
Grafen erfarer at det foregår svært mykje snoking i offentlege registre, og vil ha fokus på dette. Noko av snokinga går ut på å vidareformidle informasjon til tredjepartar.
Les også: Politibetjenten Zlatko Batarilo brukte politiet sitt register til ulovleg snoking
Les også: NAV-leiar snoka i kjendisar og naboar