Frifunnen for «netthets» mot barnevernsleiar – ukultur i Sogndal politistasjon


I november 2019 fekk samfunnsdebattant Alf Kollsete bot på 12 000 kroner for påstått «netthets» mot tidlegare barnevernsleiar i Sogndal kommune, Clara Øberg.

Rettsaka gjekk som eit velregissert justismord iverksett av Sogndal politistasjon med hensikt å kneble kritiske røyster mot lokale samfunnstoppar. I vestlandskommunen får toppar i offentleg sektor særfordelar der. Sjølv er dei immune mot straffeforfølging, og kan stort sett bruke lokalt politi som dei vil til eiga vinning.

Kollsete, som er pensjonist, anka saka til Gulating lagmannsrett og vart onsdag denne veka einstemmig frikjent.

Det var advokatfullmektig Katrine Holter i Sulland som vann fram med anken. Ho meinte at forholda han var tiltala for ikkje er ramma av straffelova § 267.

Les også: Saka mot Kollsete viser berre fram korrupsjon og ukultur i Vest politidistrikt

Holter skreiv i anken at tingretten sin gjennomgang av rettskjelder var særs avgrensa og at saka gjeld karakteristikkar av personar i styresmaktene som har gjennomført store inngrep i folks familieliv. Bloggen til Kollsete er kritikk av styresmaktene.

Kollsete har i heile sitt vaksne liv delteke i samfunnsdebatten og retta kritikk mot offentleg tilsette som utøver makt i kraft av deira stilling.

Holter viste til at Noreg er massedomfelt i den europeiske menneskerettsdomstolen, og at det er i større grad erkjent at barnevernet har utøvd maktovergrep.

Omtalen av Clara Øberg dreier seg difor om rolla som offentleg tenesteperson, og ikkje som privatperson.

Øberg sjølv påstod at innhaldet i blogginnlegga til Kollsete «medverka til at ho slutta i barnevernet», og at dei «har fått direkte og negative følgjer for ho som lokal politikar». Ho er også bestemor til eit barn nestleiar i det same barnevernet, Elin Pettersen Tysse, har saman med hennar son. Ei tid delte begge same bustadadresse i Sogndal.

Tysse påstod at ungdommar ho møtte i jobbsamanheng har stilt spørsmål om det som står i bloggen til Kollsete er sant.

Lagmannsretten var samd med Holter og frikjente Kollsete einstemmig. I avslutninga skreiv retten at prinsippet i strafferetten tilseier varsemd og at ein ikkje skal «tøye» bruksområdet til straffelova § 267, då denne vernar berre private interesser.

Elin Pettersen Tysse er trekt inn i saka fordi ektemannen hennar, Rune Tysse, som er advokat, har fått verdifulle oppdrag for det same barnevernet ho er nestleiar i. Desse verdifulle oppdraga med verdi på minst 3,5 millionar kroner er inngått utan anbod. I følgje kjelder til Grafen er det Clara Øberg som inngjekk avtalen først.

Etter at Rune Tysse flytta til Sogndal, har utbetalingane til firmaet han driv gått markant opp.

Juridiske ekspertar Grafen har snakka med meiner at det dreier seg om ulovleg direkte anskaffelse fordi det er gjort kjøp under terskelverdien med årleg fornying.

Alf vart førehandsdømd av venstrevridde lokale medier

Då saka skulle opp for retten publiserte fleire av dei venstrevridde mediene i Sogn saker med karakter av rein førehandsdømming av Kollsete. Sakene vart publiserte med fullt namn og bilete, saman med grove påstander.

Faksimile: Grafen 22. oktober 2019. Les hele saka her.

Nrk Sogn og Fjordane laga fleire einsidige saker der dei har ringt og «intervjua» personar som stør eigen vinknling av saka. Mellom anna Elin Ørjasæter og Berit Aalborg – som begge vil avgrense ytringar dei ikkje likar:

Til Nrk meinte Ørjasæter at det er «god grunn» til å forfølgje ytringar [i denne saka: mot offentleg tilsette i leiarstilling]. Med henblikk til at dei skal gjere jobben sin utan noko form for kritikk.

– Dersom han kjem med fakta som er feil, eller fakta som krenker privatlivets fred, er saka ei helt anna, sa Ørjasæter den gang.

Lagmannsretten har derimot ikkje påpekt faktafeil i bloggen til Kollsete.

Noverande Sogn Avis-redaktør, Eli Grotle, dreiv regelrett førehandsdømming og bøllejournalistikk.

Før saka skulle opp for tingretten skreiv Eli Grotle som er noverande redaktør i Sogn Avis fleire nedsetjande og dømmande artiklar om Kollsete.

Fleire av sakene til Grotle vart publiserte med leiande påstander i tittel og ingress utan tilsvar, eller at tilsvar bevisst var skjult bak betalingsmur. Slik framstod sakene til Sogn Avis-redaktøren sterkt misvisande og feilaktige.

Les også: Elden: – Tvilar på at det er i samsvar med god presseskikk

Advokat John Christian Elden sa til Grafen at nettutgåva [til Sogn Avis] reiser viktige presseetiske spørsmål når dei kjem med ein påstand i overskrifta utanfor betalingsmur, medan det eventuelle tilsvaret ligg bak slik mur.

– Eg tvilar på at det er i samsvar med god presseskikk, sa Elden den gang.

Les også: Advokatforeningen: – Rettsstaten vert bygd ned, for stor tillit til det staten legg fram