Politimann frå Tvedestrand dømd til 36 dagars fengsel – får behalde jobben


«Eg skal skambanke deg!» sa politibetjent Jostein Langballe (46) frå Tvedestrand kommune til den psykisk sjuke pasienten, og slo han i ansiktet. For ugjerninga vart han dømd til 36 dagars fengsel, men får likevel arbeide i politiet. 

Spesialeininga for politisaker ville først henlegge valdssaka. Den vart overprøvd av Riksadvokaten etter anke. Grafen har tidlegare hatt fokus på den berykta Spesialeininga som henlegg alle sakene som vert anmeldt.

Forsvarsadvokat Marius Dietrichson har kritisert Spesialeininga og sagt at tillit til politiet krev eit organ som «effektivt er i stand til å oversjå og kontrollere politiet si åtferd».

Dietrichson meiner at samfunnet må sjå etter andre system dersom Spesialeininga ikkje greier gjere jobben.

Slegen i ansiktet

Det var i januar 2020 at Langballe slo den psykisk sjuke pasienten i ansiktet fleire ganger.

Den psyksisk sjuke pasienten hadde skore seg sjølv i armen og måtte undersøkast av legevakt fordi han også påstod å ha svelgt ei lyspære. Det var mannen sjølv som hadde oppsøkt legevakta.

Politibetjenten nekta i retten straffeskuld og meinte pasienten var utagerande og valdeleg. Denne forklaringa var ikkje i samsvar med forklaringa til vitnene i saka og vart ikkje trudd av retten.

Retten meinte at valdsutøvinga vart eit «grovt brot på tenesteplikta», og var «uforholdsmessig og unødvendig».

Den valdsdømte politimannen er også nestleiar i Tvedestrand Fotballklubb.