Tønsberg-politiet arrangerte julebord: Politimann tok på puppar og rumpe – truga med å drepe kollega


Tobias Gylthe Midtlyng (26) politibetjent i Tønsberg er tiltalt for mellom anna å ha klapsa til to kvinnelege kollegaer i ansiktet, og truga med å drepe ein tredje. 

Hendingane skal ha starta på Grandgården i Tønsberg fredag 16. desember 2022 under eit julebord som var arrangert av Tønsberg politistasjon.

Politiadvokat Flemming Christoffer Hessje har teke ut tiltalen, og meiner uttalen om å drepe kollegaen var skikka til å framkalle alvorleg frykt.

Les også: Politibetjent i Bergen truga med drap og skalleknusing

Les også: Politimann frå Tvedestrand: Eg skal skambanke deg!

Tok på puppar og rumpe

I følgje tiltalen skal politimannen på utestaden Barkaden ha teke på puppane og rumpa til sin kollega som er politifullmektig i Sør-Øst politidistrikt, utan at ho hadde gjeve samtykkje til det.

For dette er politimannen tiltalt for brot på straffelova § 298 om seksuelt krenkjande åtferd.

Politifullmektigen som vart klådd på var også den eine av to kollegar som vart klapsa til, i følgje tiltalen med flat hand. Den andre kvinna som vart klapsa til er politiadvokat i Sør-Øst politidistrikt.

Ein politiadvokat er utdanna jurist, som vil seie bestått mastergrad i rettsvitskap. I politiet startar ein som hovudregel som fullmektig og gjennomgår eit kurs før ein får utvida påtelekompetanse og tittelen politiadvokat.

Politimannen skal også ha kyssa ein tredje kvinneleg kollega, som er politiadvokat.

Politiadvokat Hessje har på publiseringstidspunktet ikkje opplyst Grafen om Midtlyng har forsvarer i saka, korleis Midtlyng sjølv omtalar hendingsforløpet – om tafsing og klåing oppstod frivillig eller ufrivillig, og om han erkjenner skuld eller ikkje. 

Suspendert

Politistasjonsjef Øystein Holt seier i kommentar til Tønsberg Blad at Midtlyng er suspendert frå tenesta. Politiadvokat Hessje har ikkje svart Grafen på spørsmål om det blir lagt ned påstand om tap av stilling. Dette går heller ikkje fram av tiltalen.

Midtlyng må møte i Agder tingrett 23. august.

Fest- og drikkekultur

Grafen har skreve ei rekkje saker om ukultur i politiet med mellom anna fyllefestar som ofte endar med både vald og fyllekøyring. Vest politidistrikt fekk ein rapport allereie for tre år sidan som belyste noko av ukulturen. Her vart det også påpeika at politimenn i leiarstillingar ofte legg seg etter yngre kvinnlege kollegaer.

Omtrent på same tid som rapporten kom, køyrte ein politimann tilhøyrande same distrikt av vegen med 0,99 promille. Han fekk seinare 21 dagar fengsel og mista førarkort for 22 månader. I bilen hadde politimannen to kvinnelege kollegaer; derav ei som politibetjent nivå 2 og den andre arbeida i skranken.

Lensmann i Hemnes kommune, Stig Haugen vart dømd til fengsel i åtte månader for å ha skaffa seg seksuell omgang ved misbruk av stilling, og for å ha gjeve uriktig stadfesting som var meint å brukast som bevis – skrive uriktige stadfestingar på papir.

Ein annan innsatsleiar i politiet utnytta kvinner i sårbare situasjonar seksuelt. Også han vart dømd til fengsel.

Den same kulturen har festa seg i Forsvaret der kommandérsersjant Mats Randers (46) vart dømt til fengsel i 90 dagar for seksuell handling med nokon som ikkje har samtykka til det, og seksuelt krenkande åtferd.

På toppen av dette kan ein krydre med omfattande ulovleg journalsnoking i politiet. Ein av desse var tilsett hjå Politiets utlendingseining i Oslo og misbrukte tilgangane til å hente ut informasjon, ikkje til seg sjølv, men til tredjeperson, samt gi denne muligheit til å avfotografere signaleringsfoto av ein person frå politiet sitt datasystem.