Må i fengsel og betale oppreisningserstatning: Høgsterett avviser anken til kommandérsersjant i hæren


Mats Randers (46) er ein av dei militære som er tiltalt og dømt for seksuell trakassering i Forsvaret.

Det har storma rundt Forsvaret dei siste åra etter gjentekne saker om seksuell trakassering og mobbing som oppstår i ein fest- og fyllekultur som har etablert seg, utan at leiinga greier rydde opp i den.

Randers-saka starta i ein av Forsvaret sine mange «barar» med nær gratis alkohol og høgt drikkepress. I forbindelse med Randers’ overgang til ny stilling som kommandérsersjant vart det helde fest. Han inviterte ein ung kvinneleg medsoldat av lågare rang til det såkalla «Riddarrommet» som berre nokre få har tilgang til.

Då rettsaka gjekk for tingretten fortalte eit vitne om drikkepresset: «No må du drikke, du sit her på Riddarrommet, og då forventar vi at du drikk», sa vitnet, og forklarte vidare at ho ikkje viste kva ho drakk, men drakk for å sleppe maset frå dei andre i rommet.

Seinare vart Randers tiltalt for seksuell handling med nokon som ikkje har samtykka til det, for seksuelt krenkande åtferd og for å ha misbrukt stillinga til å oppnå seksuell omgang.

I Hålogaland Lagmannsrett vart han dømt til fengsel i 90 dagar for seksuell handling med nokon som ikkje har samtykka til det, og seksuelt krenkande åtferd. Han var også dømt til å betale kr. 60 000,- i oppreisningserstatning til den fornærma kvinna.

Les også: Politiets innsatsleiar utnytta kvinner i sårbar situasjon seksuelt

Les også: Lensmann utnytta 25 år yngre kvinne – no er han dømd

Seniorkonsulent i Høgsterett, Rizwana Yedicam, seier i kommentar til Grafen at dommen vart rettskraftig 16. mai etter at Høgsterett avviste anken. Også anken over det sivile kravet vart avvist. Det skjedde 19. mai.

Det tok 689 dagar frå «Riddarrommet» til rettskraftig dom

I følgje den rettskraftige dommen var Mats Randers sjefssersjant i Panserbataljonen frå 1. januar 2016 til 31. juli 2021. Då gjekk han over i ny stilling som kommandérsersjant i hæren med tenestestad Heggelia i Indre Troms.

I forbindelse med overgang til ny stilling vart det helde ein fest for Randers. Festen byrja i det såkalla «Riddarrommet» som berre dei som var «slått til riddar» hadde adgang til, men kunne invitere med seg andre. Det var her Randers inviterte med seg fornærma og begge drakk alkohol. Seinare vart festen flytta til ei messe med musikk der dei dansa swing saman.

Les også: Snikfilma kvinneleg soldat i dusjen 38 ganger – fekk tilbod om bonus på kr 550 000,-

Etter midnatt, på rommet til fornærma i saka, skal Randers ha ført ei hand innanfor morgonkåpa og BH-en, forsøkt ta av morgonkåpa, og berørt eit bryst med håndflata. Han berørta også fornærma på kjønnsorganet – utanpå trusa – med eit svakt kortvarig trykk og forsøkte kysse forærma, i følgje dommen.

Den fornærma kvinna sa nei fleire ganger og bad kommandérsersjanten forlate rommet, utan at han etterkom det.

Den aktuelle ugjerninga skjedde 26. juni 2021. Først 16. mai 2023 vart saka endeleg avgjort etter at Høgsterett avviste anke over lagmannsretten sin dom. Då har det gått 689 dagar frå ugjerning til rettskraftig dom – ein peikepinn til andre som vil varsle om hendingar i Forsvaret.

Les også: Amerikanske marinegastar pågripne i Sverige for sexkjøp av ukrainarar