Lensmann utnytta 25 år yngre kvinne – no er han dømd


Lensmann i Hemnes kommune, Stig Haugen (59), er dømd til fengsel i åtte månader for å ha skaffa seg seksuell omgang ved misbruk av stilling, og for å ha gjeve uriktig stadfesting som var meint å brukast som bevis.

Det var i 2017 at lensmannen reiste heim til ei 34 år gammal kvinne for å hjelpe ho med å svare på eit førehandsvarsel om tilbakekall av førarrett. Dette for å dokumentera at kvinna var rusfri.

Skreiv uriktige stadfestingar

Lensmannen produserte også ei rekkje uriktige stadfestingar på at kvinna hadde vore rustesta, og at prøvane var negative på alle typar narkotiske stoff. Stadfestingane vart lagde ved kvinna sin klage over vedtak om tilbakekall av førarrett.

Retten skriv at lensmannen var klar over den vanskelege situasjonen kvinna var kommen i som følgje narkotikamisbruk, risiko for tap av førarrett, og at dette kunne verta problematisk for arbeid og oppfølging av born.

Det var heller ikkje tvil om at kvinna ikkje ville ha seksuell omgang med lensmannen, men at ho følte seg pressa av situasjonen som oppstod.

Stig Haugen har no sagt opp stillinga si som lensmann.

Det same gjorde Hyllestad-lensmann Egil Husabø som køyrde bil i pillerus. Dette betyr at det ikkje står noko om straffesaken i attesten, eller at det var grunn for at stillinga vart avslutta. Praksisen ser ein ofte i politiet. Den plettfrie Husabø-attesten vart skriven av noverande lensmann i Sogndal.

TIPS OSS: Har du kjennskap til liknande saker? Grafen er svært interessert i tips, også om saker som ligg langt bak i tid. Vi handsamar alle tips, kommunikasjon og kjelder konfidensielt. Gå til: grafen.media/tips