Saka mot Kollsete viser berre fram korrupsjon og ukultur i Vest politidistrikt


Vest politidistrikt har ei lang rekkje skandalar, og knapt noko politidistrikt har fleire skjelett i skåpet enn dette. Sexkjøp, ruskøyring, kvinnemishandling, pedofili, journalsnoking, vold og undertrykkelse er berre forordet.

Påtalemakta har i desse dagar tiltalt samfunnsdebattant Alf Kollsete som 18. oktober må møta i Sogn og Fjordane tingrett for påstått «nettsjikane» mot tidlegare barnevernsleiar, og høgrøsta Arbeidarparti-politikar Clara Øberg.

Øberg anmeldte Kollsete ein gang tidlegare for nokre år sidan. Då var det politiadvokat Guro Enger som tok saka, og la den vekk. I følgje Enger skal det svært mykje til for at slike saker går til domstolen:

Til Sogn Avis sa Enger den gang at praksisen som var etablert for denne type saker har dei seinare åra synt at det er ein svært høg terskel før det vert gjort noko med det, og at det er stor takhøgd for slike innlegg. Enger la til at ein kan alltid diskutera kor samd eller ikkje ein er i praksisen.

No har den kontroversielle politiadvokaten Ingeborg Drægebø teke ut bestillingstiltale frå Sogndal kommune. Drægebø er tidlegare omtalt på Grafen etter at ho oppfordra til kattedrap.

Akkurat kva Drægebø meiner skal vera straffbart har ho ikkje gjort greie for, men i tiltalen er det trekt fram at Kollsete har skreve:

«[Clara] Øberg er eit godt døme på eit menneske utan skruplar med alle teikn som skal til på ein person i sterk ubalanse, utan evne til sjølvkritikk og tanke på andre sitt ve og vel. Med sine haldningar og handlemåte viser ho klårt kvifor det norske samfunn er i ferd med å gå i forråtnelse, utan noko form for reaksjon frå dei politisk ansvarlege, påtalemakta og domstolane»

og vidare at:

«[Øberg] er terrorist og overgripar mot barn og barnefamiliar»

Dette er retta mot tida då Clara Øberg hadde det øvste ansvaret for Sogn barnevern.

Alf Kollsete har tidlegare sagt til Sogn Avis at det er fullstendig meiningslaust å kopla Øberg si rolle i Sogn barnevern opp mot krenking av privatlivets fred. Han legg til at dette handlar om eit offentleg overgrep mot hans familie og at det heller var dei som burde gått til politimelding.

Han meiner det må vera lov å ytra seg på den måten han har gjort.

Det meiner også Grafen.

Førsteamanuensis ved OsloMet, Lars Gule, serverer nærast dagleg saftige kommentarar i sosiale medier, som i saka her, og påtalemakta gjer ingenting med Gule.

Denne saka dreier seg derimot at Clara Øberg er ein kommunetopp, tidlegare leiar i den aktuelle kommunen, og Arbeidarparti-politikar, og får særfordelar av påtalemakta. Politiet hadde aldri gjort noko med ei slik sak om det var «mannen i gata» som innleverte ein anmeldelse.

Under kommunevalet tok Clara Øberg også kontakt med Grafen fleire ganger og forsøkte påverke det redaksjonelle innhaldet etter kritisk oppslag om Arbeidarpartiet. 

Les også: Bergens Tidende vil ikkje avkrefte om Clara Øberg har forsøkt påverke det redaksjonelle innhaldet

Les også: Bergens Tidende om Sogndal Ap: – Venegjeng og politisk amatørskap

Mykje av det Kollsete skriv er faktisk sant

Vi må hugse det meste Kollsete skriv faktisk er sant. Det har blitt avslørt av Grafen og Sogn Avis gjennom mange oppslag om Sogn barnevern.

Clara Øberg hadde tidlegare leiaransvar (pdf) for Sogn barnevern og er bestemor til eit barn Elin Pettersen Tysse har saman med hennar son. Tysse var tilsett som nestleiar (pdf) i Sogn barnevern og begge delte same bustadadresse i Sogndal.

Grafen har avslørt fleire brot på anskaffelseslova og ulovlege innkjøp. Desse relaterer seg anskaffelsar inngått i tidsrommet då Øberg hadde leiaransvar.

At det har gått fleire år endrar ikkje det faktum at mange millionar skattekroner har gått i lomma på personar i familiære forhold. Går politiet etter bodbringarane av dette, som dei gjer mot Alf Kollsete, skjer det som følgje korrupsjon i politiet.

Les også: Kommune betalte ut 3,5 millionar utan anbod

Les også: Ekspert: – Bryt lova ved å gjera kjøp under terskelverdien med årleg fornying

Politiet gjer ingenting med «nettsjikane» mot journalistar

Nettavisa Resett.no har over lengre tid motteke fleire trugsmål utan at politiet har løfta ein finger.

Forsker Øivind Bergh ved Havforskingsinstittutet har mellom anna skreve at:

«Helge Lurås er fascist. Og stokk dum. Som biolog vil jeg påpeke at det er unaturlig at han og hans barn er i live. Hadde det ikke vært for vaksiner og annen medisin, ville de fleste vært døde. At Resett går langsomt konkurs er bare naturlig og vakkert, skriver han i et Twitter-innlegg»

Les også: Venstre-tillitsvalgt hetset Lars Akerhaug under NRK-debatten: – Du er en søppeldunk, et stinkende kloakkrør!

Les også: Høyreorientert debattant kalt «hjernedød, høyreekstrem fitte» i Dagsavisens kommentarfelt på Facebook

Les også: Pengeinnsamler: – Hvis noen ser Lars Akerhaug brenne, vennligst ikke piss på han