Bergens Tidende vil ikkje avkrefte om Clara Øberg har forsøkt påverke det redaksjonelle innhaldet

    Denne artikkelen er meir enn eitt år gammal og kan innehalde utdatert informasjon.

    I morgontimane i dag skreiv Clara Øberg ein kommentar på Facebook-sida til Grafen som gjorde at ho vart utestengt på grunn av brot på fellesskapsreglane.

    Kommentaren vart skriven under saka Bergens Tidende om Sogndal Ap: – Venegjeng og politisk amatørskap! som vart publisert i går ettermiddag.

    Øberg er engasjert i Sogndal Arbeidarparti og veteran der. Grafen erfarer at Øberg har hatt mykje aktivitet i dag. Ho har også dreve med plagsomme telefonoppringingar til redaksjonen.

    Like etter Facebook-meldinga til Clara Øberg skreiv BT-kommentator Jens Kihl:

    Det står mykje i denne teksten som eg ikkje kan gå god for. Eg forstår at det er interesse for denne saka, og vi i BT kan berre stå inne for dei opplysningane vi sjølve har verifisert. Om de heller vil lese vår tekst om saka, ligg ho her: https://www.bt.no/btmeninger/kommentar/i/BRqpxv/frukt-og-avsky-i-sogndal 

    Grafen gav Kihl følgjande tilbod:

    Dei siste avsnitta er Grafen sitt materiale. Vi kan hjelpe deg verifisere opplysningane slik at du kan lage sak på dette.

    Kva er det du meiner er uklart?

    I saka om offentlege anskaffingar har ekspert frå UiB gjeve uttale. Du kan ringe han.

    Når det gjeld Øberg og Tysse kan du be kommunen om innsyn i arbeidsavtalane deira. [Eit avsnitt er skjerma her., red. amn.].

    Saka til Hadle Blikra er godt dokumentert. Vi har dokumentert heile metoden for å hente ut personen bak den anonyme Gmail-adressa.

    Kihl: – Eg kjem ikkje til å gå vidare i denne saka no. No er det val. 

    Grafen: – Har Clara Øberg eller andre personar i dag forsøkt påverka deg eller det redaksjonelle innhaldet?

    Kihl: – Sånne spørsmål kjem eg sjølvsagt ikkje til å svare på. 

    Grafen: – Kva er årsaka til det?


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.