Kommune betalte ut 3,5 millionar utan anbod


Grafen kunne fredag avsløre at Førde-firmaet Tysse, Hvidsten og Amble hadde fått verdifulle oppdrag utan anbod. No viser det seg at oppdraga er langt meir verdifulle enn først anteke.

I dag føremiddag fekk redaksjonen oversendt liste med utbetalingar til Førde-firmaet. Utbetalingane går frå år 2011 og fram til idag. Totalt er det betalt ut om lag 4,2 millionar kroner – av desse 3,5 millionar kroner utan anbod.

I følgje skattelistene hadde Rune Tysse eit hopp i inntekta på 250 000 kroner i perioden 2013-2014. I same periode auka utbetalingane frå Sogndal kommune med 328 000 kroner.

Les også: Ekspert: – Bryt lova ved å gjera kjøp under terskelverdien med årleg fornying

Les også: NRK med falsk nyheit om innkjøp av barnevernstenester

Tysse er gift med nestleiar i Sogn barnevern, Elin Tysse. Frå tida dei inngjekk sambuarforhold, og Rune Tysse flytta til Sogndal, har utbetalingane til firmaet han driv gått markant opp.

Ikkje før i 2017 var tenestekjøpa ute på anbod.

Juridiske ekspertar Grafen snakka med fredag seier at det kan vera snakk om ulovleg direkte anskaffelse. Kommunen kan ha brote lova ved å gjera kjøp under terskelverdi for offentlege anskaffingar, med årleg fornying. Den årlege fornyinga gjer at tenestekjøpet går langt over terskelverdien, noko som er ulovleg.

Jan Nikolai Hvidsten som er medeigar i firmaet til Tysse, sa fredag kontant «nei» på spørsmål om dei hadde vore involvert i ulovleg direkte anskaffelse. Han meinte også dei ikkje hadde brote god advokatskikk ved å levera tenester for så store beløp utan anbod.

Nedanfor følgjer utbetalingar per år.

År Utbetalt i kroner
2011 150 187,5
2012 433 875
2013 566 625
2014 895 312,5
2015 707 687,5
2016 706 875
2017 663 406,25
2018 61 750
Totalt 4 185 718,75

Foto: Grafen