Bergens Tidende om Sogndal Ap: – Venegjeng og politisk amatørskap!


Politisk kommentator i Bergens Tidende, Jens Kihl, skriv at Sogndal Fotball for lengst har rykt ned frå Eliteserien, og «old boys»-laget til Arbeidarpartiet i Sogndal kranglar seg ned nedover divisjonane.

Bergens Tidende: – Mektig venegjeng og politisk amatørskap!

Kihl trekkjer fram tre saker som har skapt splid i sogndalspolitikken siste åra. Desse er krisa i Sogn barnevern, rådmenn som går i svingdør inn og ut av kommunehuset og borgarkrigen innan Arbeidarpartiet. Vidare finn ein personstrid og inhabilitet.

Sogndal sin ordførarkandidat Kjetil Kvåle har mellom anna fått sterk kritikk fordi han ikkje melder seg inhabil i saker om løyving av pengebeløp som går til selskap han er innblanda i. 

Det er rett og slett ikkje bra nok, skriv kommentatoren i Bergens Tidende. Han meiner at Sogndal Arbeidarparti har dribla seg sjølve.

Ei måling utført av InFact for Sogn Avis stadfestar dette. I 2015 fekk Arbeidarpartiet samla 31,2 % i kommunane Balestrand, Leiknanger og Sogndal. No er talet halvert til 18,2 %.

Arbeidarpartiet er ansvarleg for krisa i Sogn barnevern, ulovlege direkte anskaffingar og alvorlege arbeidsmiljøproblem

Grafen kunne i 2016 avsløre omfattande konfliktar og gjennomgåande svikt i Sogn barnevern gjennom krevjande innsynsbegjæringar. Under arbeidet med saka vart begjæringar om innsyn trenert av både kommuneleiing og av noverande ordførar Jarle Aarvoll.

Dei ville ikkje at informasjonen skulle ut, og dei motsette seg openheit. Men Grafen gav seg ikkje. Vi fekk fram at fleire tilsette er sjukemelde på grunn av dårleg arbeidsmiljø, og at fleire var fysisk sjuke som følgje dette.

Nokre tilsette i Sogn barnevern sa også dei var utsett for trakassering eller annan utilbørleg oppførsel av leiinga.

Grafen kunne i februar 2019 avsløre at barnevernsleiar Hadle Blikra stod bak eit «anonymt varslarbrev«. Målet til leiaren var å delegitimere Arnt Hovland Munthe (H), Rita Navarsete (Frp), Kari Vikane (H) og Arne Glenn Flåten (H). Det anonyme «varslarbrevet» sende han frå ei Gmail-adresse. Blikra er fortsatt leiar.

Året før kom det fram at kommunen i årrekkje hadde gjort ulovlege direkte anskaffingar i forbindelse med innkjøp av advokattenester til Sogn barnevern. Her er Tysse og Clara Øberg ein gjengangar. Ei tid tilbake hadde Tysse og Øberg også same adresse.

Ignacio Herrera Anchustegui, ekspert på offentlege anskaffingar ved Universitetet i Bergen, sa til Grafen den gang at kommunen kan ha brote lova fordi den gjer kjøp under terskelverdien med årleg fornying.

Det er Arbeidarpartiet som sit med makta i Sogndal og har muligheit til å rydda opp. Per i dag ventar vi fortsatt på rapport frå dei omtalte «varslarsakene», ein prosess som har teke fleire år, og som vert trenert til langt etter valet. Informerte veljarar må ha dette i bakhovudet når dei går til valurnene i morgon.

Les også:Advokat-skandalen: – Svidde av 106 750 kr på journalist-hat