Ekspert: – Bryt lova ved å gjera kjøp under terskelverdien med årleg fornying


Grafen kunne avsløre at Førde-firmaet Tysse, Hvidsten og Amble har fått verdifulle oppdrag hjå Sogndal kommune i fleire år utan anbod. Kommunen har ikkje kunne dokumentere anbodsprosessar før i 2017, då Førde-firmaet fekk kontrakt.

Les også: Kommune betalte ut 3,5 millionar utan anbod

I følgje anonyme kjelder var det firmaet til Jan Tollefsen i Sogndal som vart mest brukt i oppstarten av Sogn barnevern. Deretter tok Rune Tysse over fleire og fleire saker, og skal ha overteke som fast jurist frå rundt 2013. Redaksjonen kjenner identiteten til kjeldene.

Rune Tysse er gift med Elin Tysse, som har hatt leiande stillingar i Sogn barnevern. Undersøkingar viser at Tysse selde hus i Førde i september 2012, og kjøpte nytt i Sogndal i juni 2012 – då saman med ektefellen Elin.

Frå 2013 til 2014 hadde Tysse eit hopp i inntekta på 250 000 kroner, opp frå 1,280 millionar kroner til 1,530 millionar kroner.

Sogn Avis har fleire ganger på leiarplass skreve at Sogn barnevern nyttar tenester frå advokatkontoret Tysse, Hvidsten og Amble, der medeigar Rune Tysse er gift med fagleiar Elin Tysse i Sogn barnevern.

Les også: NRK med falsk nyheit om innkjøp av barnevernstenester

Til det statlege nyhendebyrået 22. februar i år hevda Elin Tysse at ektemannen sitt oppdragsforhold med kommunen «var i tråd med gjeldande regelverk». Ho hevda også at rådmannen har tidlegare stadfesta at «alt er i tråd med regelverket».

Kan vera ulovleg direkte anskaffelse

Ignacio Herrera Anchustegui som er forskar ved Universitetet i Bergen og ekspert på offentlege anskaffingar er av anna oppfatning.

Han seier til Grafen at kommunen kan ha brote lova ved å gjera kjøp under terskelverdien med årleg fornying.

– Kunne ein omgå regelverket på denne måten ville alle gjera det, sier Anchustegui.

Dokument redaksjonen har innsyn i viser at firmaet til Tysse har fått utbetalt 706 000 kroner i 2016 og 663 000 kroner i 2017. Kor mykje Tysse har motteke i tida før 2013 til 2016 er uvisst. Sogndal kommune har sett i verk storstilt trenering av innsyn i utbetalingar til firmaet. 

Redaksjonen var seinast i kontakt med kommunen i dag, fredag, for å purre på innsynsbegjæringen. Arkivleiar i kommunen, Reidun Sørestrand Hågvar, hadde fortsatt ikkje noko å senda. Det til tross uttak av opplysningane tek få sekund.

Ingen kommentar

Grafen ringte firmaet til Tysse og snakka med Jan Nikolai Hvidsten som er medeigar. Han var sparsom på opplysningar, då han vart konfrontert med funna:

– Når hadde de første oppdrag for Sogn barnevern?

– Har ikkje kommentar.

– Har de vore involvert i ulovleg direkte anskaffelse?

– Nei.

– Er det i tråd med god advokatskikk å levera tenester for så store beløp utan anbod?

– Eg meiner vi har gjort noko som verken er ulovlig eller uetisk.

Anbodsinvitasjon etter nye reglar for klagenemd

Fra 1. januar 2017 fekk Klagenemnda for offentlege anskaffingar (KOFA) mynde til å ileggja gebyr for ulovlege direkte anskaffingar. Der innklaga forsetteleg eller grovt uaktsomt har brote kunngjeringsplikta i føresegna om offentlege anskaffingar har nemnda dessutan fått plikt til å ileggja gebyr.

Det som òg var nytt frå 1. januar er at ein ikkje treng sakleg klageinteresse for å senda klage. I følgje KOFA kostar det 1000 kroner å senda klage på ulovleg direkte anskaffelse, og dermed kan kven som helst klaga inn tenestekjøp dei meiner strir med lovverket. Fordelselstida er to år.

Mykje tydar på at kommunen valde å leggja tenestekjøpet sitt ut på Doffin som følgje strengare regelverk, og stor risiko for gebyr.I kvalifikasjonskrava for anbodet vart det stilt krav til mellom anna tre år med relevant erfaring frå barnevernsjus.

Der var det berre eitt firma som leverte tilbod: Advokatkontoret Tysse, Hvidsten og Amble.

Kontrakten som kommunen inngjekk er tilgjenge nedanfor:

http://grafen.media/wp-content/uploads/2018/02/Avtale-Advokatkontoret-Tysse-Hvidsten-Amble.pdf

Grafen har ikkje lukkast få kontakt med Rune Tysse. 

Foto: Grafen.