Domstolane forskjellsbehandler ved ruskøyring


I ei sak som kjem opp for Sogn og Fjordane tingrett i mai er ein mann i 20-åra frå Sogndal tiltalt for fyllekøyring. Hendinga fann stad 22. februar i år. Mannen vart stoppa i rutinemessig promillekontroll og det var ingen skade på verken køyretøy, folk eller infrastruktur.

I tillegg er bileigar tiltalt for såkalla «overlatingsmedvarknad». Bileigar var passasjer med mannen som køyrde bilen i ruspåverka tilstand.

Bileigar er tiltalt fordi vegtrafikklova har reglar som seier at bileigar ikkje skal late andre køyra utan å forvisse seg om at sjåføren fyller vilkåra for å køyra bil (som førarkort, edruskap mv.). I følgje tiltalen skal også bileigar frådømmast retten til å køyra bil – fordi han lånte den ut.

Får særbehandling

Slik var det ikkje då politibetjent Karl Martin Aas Østby (33) i juni 2020 køyrde utanfor ein vegskrent i Stad kommune i ruspåverka tilstand.

Oslo universitetssjukehus fastsette alkoholkonsentrasjonen i blodet til 0,99 promille på tidspunktet for køyringa.

Forutan lang liggetid før saka kom til rettsapparatet vart politibetjenten dømd til 21 dagar i fengsel og betale kr 35 000,- i bot. Han vart også frådømd retten til førarkort i 22 månader.

Les også: Politimann må i fengsel etter fyllekøyring

Med seg i bilen hadde politimannen to kollegaer: Anne-Grete Svoren Kvernevik, som på tidspunktet skal ha arbeida i skranken ved politistasjonen, og politibetjent Christine Alsaker Danielsen, som også er «politikontakt» i kommunen.

Les også: Tønsberg-politiet arrangerte julebord: Politimann tok på puppar og rumpe – truga med å drepe kollega

Ein politikontakt skal – ironisk nok – gje råd og følgje opp rett bruk av kriminalførebyggjande metodar og tiltak.

Fyllekøyringa skjedde etter ein fest, men hendinga fekk ingen konsekvensar for dei to politiansatte som var passasjerar verken strafferettsleg eller administrativt.

…og redusert bot

Tingretten meinte at den økonomiske situasjonen til Østby var usikker fordi han mista jobben som følgje ruskøyringa, og halverte difor storleiken på bota.

Det same fekk ein pensjonert lensmann som fyllekøyrde – han fekk redusert straff på grunn av krav om restskatt.

Denne rettspraksisen gjeld derimot ikkje vanlege folk som vert dømd for fyllekøyring – dei får større bot og lengre fengselsstraff.

Normalt er straffa for fyllekøyring frå 21 dagar til 3 månader fengsel. Tingretten har halvert bota og gjeve det lågaste alternativet til fengsel i ei sak der føraren hadde med passasjerer og totalvraka køyretøyet.

Les også: Politimann stjal narkotika frå politistasjon – no er han dømd


Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.