Pensjonert lensmann fyllekøyrde – fekk redusert straff på grunn av restskatt


Det var den tidlegare lensmannen ved Stranda og Norddal lensmannskontor, Jens Arne Hessegjerde, som nyleg i Møre og Romsdal tingrett fekk redusert bot for fyllekøyring, fordi han fekk restskatt.

Hessegjerde køyrte om kvelden den 8. februar 2023 ein Mitsubishi Outlander i Storgata i Stranda medan han var påverka av alkohol.

I følgje eigen forklaring til tingretten hadde han drukke 0,5 liter øl til middag kort tid før han sette seg bak rattet og køyrde avgårde mot SPAR Svingen på Stranda og ned igjen til bedehuset på Stranda.

Analyseresultat frå blodprøve viste ein promille på 0,7.

Då den tidlegare lensmannen vart gjort kjent med påtalemakta sitt forslag til straff meinte han at bota var for høg fordi han måttte betale kr 13 000,- i restskatt og at han elles ikkje hadde så mykje til overs, til tross pensjonsutbetaling på kr 38 000,- brutto per månad.

Saka vart avgjort ved tilståelsesdom i tingretten, og det går ikkje fram opplysningar om kven som representerte påtalemakta sidan dommarfullmektig i saka, Ane Gjøystdal, har utelete opplysningane.

Påtalemakta hadde imidlertid lagt ned påstand om at straffa skulle vere 18 dagar betinga fengsel og bot på kr 60 000,-.

Dommarfullmektig Gjøystdal reduserte då like godt bota til kr 45 000,- med bakgrunn i kravet om restskatt.

Les også: Politimann må i fengsel etter fyllekøyring