Politimann stjal narkotika frå politistasjon – no er han dømd


Det var politimannen Kåre Lønning Solvang (27) som i Oslo tingrett tidlegare denne veka vart dømd til ubetinga fengsel og bot. Saka gjekk som tilståelsessak.

Det heile starta med at Solvang deltok i ransaking i ein bustad på Austlandet i februar i fjor, der det vart gjort beslag av to brett med tablettar av typen Ksalol.

Les også: Ny polititopp teken for å selje narkotika

Les også: Avsnittsleiar i politiet dømd til fengsel for underslag

Ksalol er tidlegare omtalt som eit nytt «dødsdop» i Noreg. I 2020 døydde tre menn i 20-åra av overdose på ei veke i Tromsø etter inntak av Ksalol. Stoffet skal verke dempande på sentralnervesystemet og vert benytta til behandling av panikksyndrom når anna behandling ikkje fører fram. I kombinasjon med alkohol eller liknande kan det vere dødleg.

Etter at politimannen hadde ført beslaget av tablettane inn i straffesaka, tok han med seg tablettar heim til eige bruk frå politistasjonen i Seljord.

Seinare køyrde politimannen ein Toyota Proace City i ruspåverka tilstand på forskjellige vegar i Midt-Telemark.

Bilkøyringa gjekk ikkje greitt for seg då politimannen måtte ha hjelp to ganger av bergingsbil. I følgje rettsboka køyrte han seg fast og stod på tvers av vegen og trengte hjelp til å bli dregen opp og sett på rett kurs. Få minutt etter første berging køyrte han seg på nytt fast i ein brøytekant og trengte hjelp på nytt. Ved begge høve greidde han ikkje gjere greie for kvar han var.

Etter den siste redningsoperasjonen valgte bilbergaren å ta med bilen og politimannen til den lokale Esso-stasjonen i Bø. På veg dit sovna politimannen i bergingsbilen og måtte vekkast fleire ganger. Då dei var framme gjekk han sjanglande ut av bilen og greidde ikkje finne nøkkelholet til drivstofftanken på eigen bil. Bilbergar meldte då frå til det lokale politiet.

Les også: Lensmann utnytta 25 år yngre kvinne – no er han dømd

Les også: Tønsberg-politiet arrangerte julebord: Politimann tok på puppar og rumpe – truga med å drepe kollega

Tingrettsdommar Cecilie Kvalheim skriv i rettsboka at det grove underslaget og den ruspåverka køyringa er det mest alvorlege.

Retten har lagt vekt på at han fekk tilgang på tablettane i kraft å vere politiansatt og at underslaget vart gjort som ledd i utføring av teneste, og at han dermed grovt har brote den særlege tilliten som følgjer med stillinga han hadde som tilsett i politiet.

Retten sette straffa dermed til ubetinga fengsel i 18 dagar og bot på kr 69 000,-. I tillegg mista politimannen retten til å køyre motorvogn i 12 månader rekna frå beslagstidspunktet 17. februar 2023 og må avlegge ny førarprøve. Straffa vart imidlertid formlida på grunn av eitt års liggetid.

Kåre Lønning Solvang arbeidar ikkje lenger i politiet. Det er heller ikkje sikkert han treng sone 18 dagar i fengsel, då ruskøyrarar kan søkje om elektronisk fotlenke og mest sannsynleg få det innvilga.