Avsnittsleiar i politiet dømd til fengsel for underslag


Det er Bjørn Egil Gamlem (45) som er dømd til fengsel i sju månader for underslag av gjenstander som høyrde til Ålesund politistasjon, der han arbeida som materialansvarleg og avsnittsleiar.

Straffesaka mot han er avgjort som eit «rettsleg avhøyr og tilståingsdom».

Det var sjefen for Spesialeininga for politisaker som sikta Gamlem 5. oktober i år for brot på straffelova § 325, jf. § 324 for underslag.

Grunnlaget var at avsnittsleiaren i ein periode på fire år hadde teke med seg klede, verktøy, og friluftsutstyr heim til sin private bopel og selt varene på Finn. I følgje siktinga hadde varene ein samla verdi på 680 000 kroner, av dette hadde han selt for 226 700 kroner.

Gamlem erkjente det heile i retten.

Det var ein ansatt i Politiets Fellestjenester som oppdaga det heile då han reagerte på ei Finn-annonse. I følgje rettsboka framstår det «nærast som tilfeldigheit» at underslaget vart oppdaga. Noko som vitnar om at politiet i Noreg generelt har enorm svikt i intern kontroll og ikkje kan gjere greie for kva som er kjøpt inn og kvar det endar opp.

Fekk strafferabatt

I staden for straffeskjerpande reaksjon for ein politiansatt som avsnittsleiar med materialansvar, har tingretten ved konstituert tingrettsdommar Aruna Eide Skingen lagt til grunn formildande omstende på grunn av tilståing – til tross store beslag i hans bopel.

Ikkje nok med det: Skingen viser også til at politimannen har «opplevd saka som stor personleg belastning», og har brukt store ressursar på å etablere eit nytt arbeidsforhold og ivareta eigen familie, og har «utfordringar i høve søvn» og «symptom på depresjon». Altså er dette grunnar til strafferabatt; i alle fall for politiansatte.

Les også: Politietterforskar dømd for telt-tjuveri

Les også: Lensmann Magne Knudsen tok ulovleg beslag i førarkort 

Tingrettsdommaren legg det i formidlande retning i straffutmåling at politimannen har måtte forlate stillinga si (som følgje underslag) og «har i ettertid opplevd, og i framtida truleg vil oppleve, utfordringar i arbeidslivet».

Skingen har difor dømd avsnittsleiaren til sju månader ubetinga fengsel med varetektsfrådrag på ein dag. Domsslutninga vart også forkynt elektronisk utan faktisk krav om å sende kvittering.

Straffa på sju månader er verdt å merke seg sidan seks månader kan sonast etter søknad heime i eigen bopel med elektronisk fotlenke. Kriminalomsorga kan også gi utsetjing på dei resterande dagane, i alle fall for dei som flinke med legeattestar og er skriverøynde. Det er med det ikkje gitt at avsnittsleiaren får nokon reell straff, og tilståingsdommen framstår meir som kvitvasking av lovbrot i politiet.