Ny polititopp teken for å selje narkotika


KORRUPSJON OG MISBRUK: Det er Arnt Erik Brattås (51) som var leiar for narkotikaseksjonen ved Gjøvik politistasjon som er sikta. Brattås er sikta for mellom anna ha skaffa seg seksuell omgang ved misbruk av stilling.

Brattås er også sikta for sal av beslag av narkotiske stoff og anabole steroid.

Vidare skal Brattås ha forsøkt påverke eit vitne i saka der han skaffa seg seksuell omgang ved misbruk av stilling. Brattås skal ha tilbydd kvinna pengar for å endre forklaringa si.

I følgje ein kjennelse frå Oslo tingrett er han varetektsfengsla med brev og besøkskontroll i berre to veker.

Nettmagasinet oppdaterer saka! Har du tips til redaksjonen send dei til tips@grafen.media.