Sogn barnevern må betala erstatning i Bratteteig-saka


Sogn barnevern i Sogndal kommune er erstatingsansvarleg for økonomisk tap Juana Patricia Calderon Montero og Nils Kristian Bratteteig er påført i høve barneverntenesta sitt ulovlege vedtak.

Det var i desember 2016 at barnevernstenesta i Sogndal kommune gjorde akuttvedtak om å plassere eine barnet til Bratteteig i beredskapsheim. Dette vedtaket vart påklaga til Fylkesmannen, som gav barnevernet medhald, og barnet måtte sitje i beredskapsheim om lag ein månad, og feire både jul og nyttår einsam med ein ukjent familie.

Les også: Advokat om barnevernsarbeidarar: – Slike yrke tiltrekkjer seg maktsjuke folk, og særleg maktsjuke kvinner

Les også: «Anonymt» varsel kan få konsekvensar for barnevernsleiar

Då dei fekk barnet tilbake flytta Bratteteig og kona til Colombia der ho kjem frå, og seinare til Spania, der dei framleis bur.

I desember 2019 gjekk dei til søksmål mot barnevernstenesta med advokat Pål A. Eide i Grimstad advokatene. Retten vedtok å dele opp saka i to delar, der første delen avgjer om det føreligg ansvarsgrunnlag og årsakssamanheng. Ein dom for dette spørsmålet kom i dag, der familien Bratteteig er tilkjent erstatning.

Kor stor erstatninga vert blir avgjort i neste runde.

– Sogn barnevern har påført familien belastningar som ikkje har vore nødvendige og heller ikkje til barnets beste

Heile saka starta med at helsesøster Margrete Husum ved helsestasjonen i Sogndal sendte muntleg «bekymringsmelding» til barnevernet, og at rektor Bjarte Ramstad ved Trudvang skule leverte skriftleg «uromelding» etterpå.

Les også: – I møte med eit barnevern som i mange samanhengar opptrer som både aktor og politi, står foreldra aleine

Retten skriv i dommen at inngrepet er i strid mot reglane som vernar om familielivet i Den europeiske menneskerettskonvensjon [EMK].

Retten meiner også at det ikkje var rettsleg grunnlag for dette akuttvedtaket, basert på faktagrunnlaget barneverntenesta hadde på vedtakstidspunktet, og kritiserer Sogn barnevern for dette, og viser til at dette fører barnevernstenesta i ansvar.

I tillegg må Sogn barnevern hefte på grunnlag av kumulative feil.

Barneverntenesta si behandling av saka frå desember [2016, red. anm.] har etter rettens vurdering påført familien belastningar som ikkje har vore nødvendige og heller ikkje til barnets beste, står det i dommen.

Summen av feil og feilvurderringar inneber difor ansvarsgrunnlag for kommunen.

– Ikkje eit argument for å sleppe erstatningsansvar dersom barnevernet grip inn med for strenge tiltak utan at det er grunnlag for det

Det er hevda at ei for streng norm som legg ansvar på kommunen, kan føre til at kommunen blir overforsiktig og let vere å gripe inn der inngrep er nødvendig, skriv tingrettsdommar Terje Mowatt.

Til dette er å seie at ein kommune kan komme i ansvar også fordi barneverntenesta ikkje har grip inn i tilfelle der det er nødvendig. Dette er såleis ikkje eit argument for å sleppe erstatningsansvar dersom barnevernet grip inn med for strenge tiltak utan at det er grunnlag for det, skriv han.

Når saka ligg an slik som her at kommunen grip inn med eit alvorleg vedtak utan at det er grunnlag for det, representerer inngrepet krenking både av barnet og foreldra sine interesser.

Retten konkluderte med at dei feila kommunen har gjort i saka, representerer ansvarsgrunnlag for erstatning.

Les også: Frifunnen for «netthets» mot barnevernsleiar – ukultur i Sogndal politistasjon

Les også: NRK med falsk nyheit om innkjøp av barnevernstenester