Advokat om barnevernsarbeidarar: – Slike yrke tiltrekkjer seg maktsjuke folk, og særleg maktsjuke kvinner


I eit portrettintervju med Sogn Avis den 20. mars kjem advokat Lous Anda med skarp kritikk av barnevernsarbeidarar, barnevernstudentar og heile studiet.

– Barnevernsarbeidarar har ei enorm makt. Deira rolle skil seg mykje frå vårt rettssystem generelt, fordi dei både er ansvarleg for saksutgreiingane, dei tek stilling til om styresmaktene bør gripa inn, og styresmaktene har gjeve dei siste ord i saka når eit barn skal fjernast frå familien sin, seier han til Sogn Avis, og at:

– Slike yrke tiltrekkjer seg maktsjuke folk, og særleg maktsjuke kvinner. Ingen er verre enn maktsjuke kvinner, slo han fast.

Meiner at barnevernstudiet er alternativet for dei som «ikkje har kome inn» andre stader

I følgje intervjuet har Anda sjølv undervist på høgskulen i 17-18 år, men borgar slett ikkje for totalresultatet av denne utdanninga:

– Eg har i årevis ropt høgt og tydeleg varsko om behovet for oppgraderingar i barnevernet. Det nyttar ikkje å berre plussa på pensum, det må bli høgare kvalitet også, sa han til Sogn Avis.

Han meiner det må bli høgare opptakskrav til studiet.

– Slik det er no, kan utdanninga bli alternativet for dei svakaste søkjarane, dei som ikkje har kome inn andre stader. Ofte ser me at studentane har eigen bagasje frå kontakt med barnevernet, slik erfaring er ikkje alltid ein fagleg fordel, meiner han.

Anda meiner også at studentane treng «tettare rettleiing», med ei «strengare vurdering av kor personleg eigna» den enkelte studenten er.

Les også: – I møte med eit barnevern som i mange samanhengar opptrer som både aktor og politi, står foreldra aleine, skriv Johannes Idsø

Les også: «Anonymt» varsel kan få konsekvensar for barnevernsleiar

Tidlegare barnevernsleiar gjekk til angrep på advokaten

Dagen etter gjekk tidlegare barnevernsleiar Clara Øberg til angrep på Anda i Sogn Avis, og meiner han «nyttar sjansen til rakka ned på ei heil yrkesgruppe med kvinner».

– Å karakterisera ei heil yrkesgruppe som ein gjeng maktsjuke damer er så håplaust at eg trudde mest ikkje det eg les, sa Øberg.

Den tidlegare barnevernsleiaren meiner at advokaten karakteriserte barnevernstudentane slik:

  • studentar med dårlege karakterar
  • mange av dei er tidlegare barnevernsbarn
  • opphoping av maktsjuke kvinner

– At han går laus på barnevernstudentane og karakteriserer mange av dei som ein gjeng som i oppveksten har eigen erfaring med barnevernet, får stå for Anda sin rekning, sa ho.

I tillegg prøvde Øberg påverke høgskulen som tidlegare arbeidsgjevar til å ta avstand frå Anda:

I innlegget sitt til Sogn Avis skriv ho at «Er det greitt for høgskulen at dykkar studentar vert karakterisert på ein slik måte av ein som i same intervjuet peikar på at han har vore lærar ved studiet i mange år?»

Les også: Bergens Tidende om Sogndal Ap: – Venegjeng og politisk amatørskap!

Les også: Bergens Tidende vil ikkje avkrefte om Clara Øberg har forsøkt påverke det redaksjonelle innhaldet

Seinare held krangelen fram på Facebook, der den tidlegare barnevernsleiaren meiner at Anda har beklaga det han skreiv, nokon han avviser.