NRK med falsk nyheit om innkjøp av barnevernstenester


Det statlege nyhendebyrået hadde i går, 10. mars, sak om kjøp av barnevernstenester i Sogndal kommune. Statskanalen sette inn eit tal frå Sogn Avis, og la til ei usann setning til slutt:

Sogndal kommune har brukt nær 3,7 millionar kroner på barnevernstenester sidan 2016, skriv Sogn Avis. – Dette er tenester me har kjøpt for å sikra kapasiteten i tenesta, seier kommunalsjef Ole Gunnar Krakhellen til avisa. Kommunen har ein rammeavtale med selskapet Barnevernkompetanse AS.
– NRK Sogn og Fjordane, 10. mars 2019

artikkelen (betalingsmur) vert det hevda at Sogn Avis avdekte ulovlege anskaffingar i fjor. Det er heller ikkje korrekt, då det var Grafen som avdekte dette gjennom innsynsbegjæring. Det kom fram at kommunen hadde kjøpt tenester for 1,949 millionar kroner hjå føretaket Barnevernkompetanse AS, og det hadde ikkje vore konkurranse då avtalen vart inngått.

Tal nedanfor viser kor mykje kommunen har kjøpt i dei aktuelle åra:

Utbetalingar frå Sogndal kommune til Barnevernkompetanse AS i 2016 og 2017. Illustrasjon: Grafen.

Feilinformasjon frå NRK

Det statlege nyhendebyrået hevda at «Kommunen har ein rammeavtale med selskapet Barnevernkompetanse AS», og lot dette liggja godt synleg på framsida i fleire timar.

Les også: Ekspert: – Bryt lova ved å gjera kjøp under terskelverdien med årleg fornying

Påstanden er derimot usann:

Kommunalsjef for oppvekst i Sogndal kommune, Ole Gunnar Krakhellen, sa til Grafen 23. mars 2018 at «»Vi ser at behovet for innkjøp av denne tenesta ligg over terskel for anbod og har starta arbeidet med eit anboddokument. Dette vil bli sendt ut i marknaden over påske.»

Sogndal kommune har gjort ulovlege innkjøp i 2016 og 2017 for nesten 2 millionar kroner, ved å kjøpa tenester frå Barnevernkompetanse AS utan konkurranse. Kommunen har inngått rammeavtale i dag, men hadde ikkje det tidlegare. NRKs artikkel gjev inntrykk av at alt er på stell – noko det slett ikkje har vore.

Det statlege nyhendebyrået har dermed med vilje utelete informasjon om ulovlegheiter, og i staden saksa saman eit utsnitt som minner om innhaldsmarknadsføring.

Faksimile: Akershus Amtstidend, 07.03.2014

Fekk KOFA-gebyr for ulovleg direkte anskaffelse

Grafen har funne ein sak i Akershus Amtstidende datert 07.03.2014 der Frogn kommune har måtte betale straffegebyr på 453 000 kroner for ulovleg direkte anskaffelse.

I saka står det at kommunen betalte 462 704 kroner til Barnevernkompetanse AS utan konkurranse før avtalen vart inngått.

Kommunen hadde også ei rekkje andre saker med ulovleg anskaffelse.

Sogndal kommune har tidlegare gjort ulovlege kjøp av konsulenttenester knytt til barnevern hjå Tysse, Hvidsten og Amble.

Les også: Kommune betalte ut 3,5 millionar kroner utan anbod

Ignacio Herrera Anchustegui som er forskar ved Universitetet i Bergen sa til Grafen den gang at kommunen kan ha brote anskaffelsesregelverket ved å gjera kjøp under terskelverdien med årleg fornying.

– Kunne ein omgå regelverket på denne måten ville alle gjera det, sa Anchustegui.

Foto: Grafen.