«Anonymt» varsel kan få konsekvensar for barnevernsleiar


Det var 18. februar i fjor barnevernsleiar i Sogndal kommune, Hadle Blikra, sendte ein e-post med tittelen «Varsel i medhald av arbeidsmiljølova om kritikkverdige forhold i Sogndal kommune». E-posten vart sendt frå Gmail-adressa anonymvarslar@gmail.com, og skulle sjå ut som ei «anonym» varsling.

Målet til barnevernsleiaren var derimot eit velregissert angrep og ein svertekampanje mot kritiske røyster i kommunestyret.

Fleire av politikarane hadde tidlegare stilt spørsmål om mellom anna måten verksemda han leiar er dreven på, og habiliteten til ein annan leiar som årleg kjøper tenester for over ein halv million kroner hjå eigen ektefelle.

I forsøk på å stoppe fleire ubehagelege spørsmål tok barnevernsleiaren tastaturet fatt. Han dikta like godt eit «anonymt» varslarbrev som han sendte kommuneleiinga og lokalmedia.

Grafen brukte ikkje lang tid på å avsløre identiteten bak Gmail-adressa. Med enkle metodar kunne vi finna IP-adressa hans, og andre metadata som synte kvar e-posten kom frå. Eit av dei avgjerande avtrykka viste at avsendaren sat med ein Samsung SM-G955F mobiltelefon, same type barnevernsleiaren hadde kjøpt tidlegare på skattebetalarane si rekning. Grafen har fått kopi av kvitteringar for innkjøpet, og det er ubestrideleg bevis.

 

Meinte politikarar hadde helseskadeleg framferd

I det «anonyme» varslarbrevet trakk barnevernsleiaren fram fire lokalpolitikarar: Arnt Hovland Munthe (H), Rita Navarsete (Frp), Kari Vikane (H) og Arne Glenn Flåten (H). Ved sidan av ymse bekymringar som frykt for personleg merksemd, meinte han at politikarane hadde helseskadeleg framferd:

Som tilsett i Sogndal kommune kjenner eg personleg på ei sterk uro og redsle for eigen og andre tilsette si helse ved å ha eit daglege virke i ein kommune der representantar frå kommunestyret, som har det øvste arbeidsgjevaransvaret for alle tilsette i Sogndal kommune, har ei framferd som vert opplevd som helseskadeleg , jf. arbeidsmiljølova § § 4-1 (1).
—  «Anonym varslar»

Kva han meiner om eiga framferd veit vi ikkje enno, då han ovanfor nettstaden Porten og Sogn Avis har nekta for kjennskap til e-posten. Dette vert av pressefolk oppfatta som at leiaren ikkje tør stå for innhaldet i brevet sitt. I alle fall ikkje offentleg.

I etterkant av varslinga vart det satt eit eksternt varslingssekretariat der advokatfirmaet Brækhus skulle gjennomgå den anonyme varslinga, og andre, meir legitime varslingar i kommunen. Prosessen har teke eitt år og kosta innbyggjarane hittil ein million kroner.

Fredag 8. februar vart rapporten for den «anonyme» varslinga offentleggjort. Konklusjonen til sekretariatet var at det ikkje kan setjast fram varsling mot representantar i kommunestyret, og at framgangsmåten til varslaren heller ikkje har vore forsvarleg. Og med det vert saka avvist.

No rullar ballen tilbake, og politikarane vil stilla spørsmål.

Tips oss

Det at ein leiar av eit kommunalt barnevern sit heime og diktar opp og lagar svertekampanjer mot personar han ikkje likar er alvoreg. Kampanjen hans var retta om fire ressurssterke personar i Sogndal. Vi ser ikkje vekk frå at leiaren kan gjera eller har gjort tilsvarande mot personar som har sak i Sogn barnevern.

Vi ber difor publikum ta kontakt med Grafen på tips@grafen.media. Vi behandlar alle saker konfidensielt og avslører aldri namn på verken kjelder eller andre informantar.

Foto: Grafen.