Marit Hagevik og Hadle Blikra prøver seg på ny omkamp


Tidlegare kommunalsjef i Sogndal kommune, Marit Hagevik, og noverande barnevernsleiar Hadle Blikra, boksar i lufta og har i siste liten sendt eit notat til kommunestyret.

Dei to leiarane sendte tidlegare eit krav på erstatning mot kommunen etter ein kritisk rapport dei sjølv inngjekk i.

Les også: Rapport: Varslarane i Sogn barnevern vart trakasserte av leiarane [Sak frå Porten]

Bakgrunnen for kravet var i hovudtrekk påstand om at det eksterne varslingssekretariatet [eit advokatfirma som granska saka for kommunestyret, red. anm.] hadde gjort ei «uforsvarleg sakshandsaming».

Vidare påstod leiarane at kommunen hadde «erstatningsrettsleg ansvar» for at prosessen [med varslingssakene, red. anm.] hadde «trekt ut i tid». Om ikkje det var nok, vart det også konspirert om ymse politiske motiv.

Les også: Kommuneleiing prøver seg på omkamp etter kritisk varslingsrapport

På siste dagen i året trakk dei derimot saka, og skreiv under på eit forlik som går ut på at kommunen betalte mesteparten av sakskostnadane, medan dei sjølv betalte 40 000 kroner kvar.

Les også: Ville ha erstatning, må betala 160.000 kroner i staden

No dreier saka seg om å påverka utbetaling av erstatning til dei som varsla på leiarane.

Denne prosessen prøver Marit Hagevik og Hadle Blikra påverke gjennom eit notat, lagt ut på kommunen sitt saksarkiv dagen før møtet i kommunestyret, med denne oppfordringa:

I vårt brev av 22.11.2019 har vi en rekke kritiske kommentarer til rapporten i punktene 6, 7 og 8. I punkt 6.2 er det påpekt det vi mener er manglende etterlevelse av Advokatforeningens retningslinjer.

Brækhus-rapporten vil nå bli klaget inn for Advokatforeningens disiplinærutvalg. Formålet er å få en vurdering av om den er i samsvar med Advokatforeningens retningslinjer for private granskinger og Regler for god advokatskikk.

Sogndal kommune bør av den grunn ikke uten videre legger rapportens konklusjoner til grunn ved behandlingen av den og de erstatningskravene fra varslerne som bygger på rapporten.

Advokat Rolf Bech-Sørensen i ADI som forfatta notatet, seier i kommentar til Grafen at han ikkje vil dela disiplinærklagen med media, då Grafen begjærte innsyn i den:

– Når det gjeld sjølve klageprosessen i forbindelse med disiplinærklage, tilseier fleire omsyn at dette ikkje skjer i offentlegheit, svara Bech-Sørensen.

Kva omsyn dette gjeld utdjupa han ikkje. Derimot vil han at namna på varslarane, som varsla på leiarane, skal verta kjent for kommunestyret. Det høyrer med til saka at barnevernsleiaren, Hadle Blikra, sjølv sendte eit anonymt varsel på kritiske røyster i kommunestyret, men ville sjølv vera anonym.

Les også: Varsel i medhald av arbeidsmiljølova om kritikkverdige forhold i Sogndal kommune

Les også: «Anonymt» varsel kan få konsekvensar for barnevernsleiar

Den gang var det Grafen som avslørte personen bak den e-postadressa «anonymvarslar@gmail.com». Ikkje berre fekk vi meta- og sentraldata; men også kopi av kvittering frå Sogndal kommune som hadde kjøpt inn mobiltelefonen til leiaren som gav slikt metadata-avtrykk.

Avsløringa er så god den kunne kvalifisert til Skup-prisen.

Målet til barnevernsleiaren var eit velregissert angrep og ein svertekampanje mot kritiske røyster i kommunestyret, der han meinte at fire politikarar i Høgre og Framstegspartiet hadde helseskadleg framferd.

Kva han meiner om eiga framferd veit vi ikkje, då han ovanfor media har benekta all kjennskap til e-posten. Dette vart av pressefolk oppfatta som at barnevernsleiaren ikkje tør stå [offentleg] for innhaldet i brevet sitt.

Han ville heller ikkje røpe identiteten sin for Knut Broberg som var setterådmann for varslingssakene. Det må vera rart å senda meldingar bak ei anonym e-postadresse som ein slags anonym person, og seinare sitje i møte som ein annan.

Hadle Blikra var også ein av leiarane som inngjekk forlik i fjor, men likevel meiner han at ei utbetaling av erstatning til varslarane [som varsla på han] som bygg på forhold i rapporten vil vera ei «stor framtidig belastning» for han:

En erstatningsutbetaling til varslerne som bygger på forhold som Brækhus-rapporten mener Blikra er ansvarlig for, vil i realiteten innebære en stigmatisering av ham og dermed en stor fremtidig belastning for ham.

Notatet vart sendt to dagar før handsaming i kommunestyret. Ei eventuell handsaming i Advokatforeninga sitt disiplinærutval vil ta mange månader, og ein endeleg konklusjon kjem kanskje ikkje før etter sommaren eller mot hausten.

Hagevik og Blikra får neppe trampeklapp og ståande applaus av kommunestyret.

Les også: Bergens Tidende om Sogndal Ap: – Venegjeng og politisk amatørskap! 

Les også: Advokat-skandalen: – Svidde av 106 750 kr på journalist-hat