Ville ha erstatning, må betala 160.000 kroner i staden


Det var den tidlegare rådmannen i Sogndal kommune, Lars Jostein Aanestad, tidlegare kommunalsjef Marit Hagevik, noverande fagleiar personal, Bente Johanne Bakke, og noverande barnevernsleiar Hadle Blikra som varsla kommunen om krav på erstatning etter ein kritisk rapport dei sjølv inngår i.

Les også: Kommuneleiing prøver seg på omkamp etter kritisk varslingsrapport

Siste dagen i året skreiv dei under på eit forlik som går ut på at kommunen betalar mesteparten av sakskostnadane deira, medan dei sjølv betalar 40 000 kroner kvar. Resten av kostnadane må skattebetalarane i Sogndal ta.

Les heile KS-notatet her, og sjå forliksavtalen nedanfor:

Forliksavtale mellom Lars Jostein Aanestad, Marit Hagevik, Bente Johanne Bakke, Hadle Blikra og Sogndal kommune. Utan avtalen ville leiarane risikert å sitje att med heile rekninga «ein for alle – alle for ein», ei rekning som raskt kunne hamna på fleire millionar kroner om saka gjekk til retten. Grafikk: Grafen.

KS-advokat Geir S. Winters som forfatta notatet til Sogndal kommune har i tidlegare saker fått hard kritikk av anerkjente professorar, som meinar mellom anna at vurderingane hans er «hinsides fagleg fornuft».

Med til historia høyrer at Knut Broberg som underteikna forliket den 30.12 gjorde det på sin siste arbeidsdag. Frå nyttår byrja han i stillinga som dommar i Sogn og Fjordane tingrett. Broberg arbeidde som kommuneadvokat frå 2014 til 2018, og frå 2018 til årsskiftet som rådmann i Flora kommune. Saka i Sogndal var utført som setterådmann.