Kommuneleiing prøver seg på omkamp etter kritisk varslingsrapport


Den tidlegare rådmannen i Sogndal kommune, Lars Jostein Aanestad, tidlegare kommunalsjef Marit Hagevik, noverande fagleiar personal, Bente Johanne Bakke, og noverande barnevernsleiar Hadle Blikra har varsla kommunen om krav på erstatning etter ein kritisk rapport dei sjølv inngår i.

Dette går fram av dokument Grafen har fått innsyn i.

Sjå dokumenta her:

I tillegg er det sendt på e-post følgjande merknader til Setterådmann for varslingane, Knut Broberg:

Bakgrunnen for kravet frå dei fire leiarane er i hovudtrekk påstand om at det eksterne varslingssekretariatet har gjort ei uforsvarleg sakshandsaming.

Dei hevdar òg at kommunen har «erstatningsrettsleg ansvar» for at prosessen [med varslingssakene] har «trekt ut i tid». I tillegg vert det konspirert om politiske motiv:

Utheva i blått frå varselet. Montasje: Grafen.

Ein representant i kommunestyret avviser dette for Grafen, og seier at kommunestyret ikkje har utsteda noko form for «Licence to kill» til rådmann Aanestad.

Ein annan representant seier at varselet frå leiarane er eit nederlag for viktige demokratiske prosessar:

– Leiinga burde i staden leggje seg flate og be om råd og hjelp for å bli ferdig med sakene, seier representanten.

Den same representanten viser også til at barnevernet ikkje fungerer no heller, og viser til Bratteteigsaka og ei anna sak som har vore mykje omtalt i kommunen.

Det om lag 30 sider lange varselet frå leiarane er bygd rundt påstandane ovanfor om påstått uforsvarleg sakshandsaming, og er ispedd selektive utklypp og akademiske framstillingar av kva som kunne vore gjort anleis.

Prøver seg på omkamp?

Ein av varslarane seier til Grafen at det ser ut som dei omvarsla vil prøva seg på omkamp og ikkje vil akseptere det som står i rapporten frå Brækhus.

Dei omvarsla er tydelegvis ikkje einige i rapporten sine konklusjonar om kritikkverdige forhold, seier varslaren:

– I rapporten har Brækhus lagt til grunn prinsippet om sannsynlighetsovervekt i alle konklusjonane, det vil seie at desse argumenta frå dei omvarsla er prøvd og funne ikkje truverdige mens varslarane har blitt trudd ut frå bevisa dei har lagt fram.

Advokatfirmaet Brækhus som gjennomførte faktaundersøkinga av varslingssakene påpeikar fleire faktafeil i varselet frå leiarane.

Ei av desse er at leiarane omtalar rapporten som «gransking» og «granskingsrapport», medan den i verkelegheita er ei ordinær faktaundersøking i tråd med plikta ein arbeidsgjevar har.

Arbeidsrettsekspert Thomas Benson seier til Grafen det er hensiktigsmessig at flere forløpende varsel vert handsama samtidig. Foto: Nord universitetet.

Arbeidsrettsekspert Thomas Benson seier til Grafen at alle arbeidsgjevarar har plikt til å undersøke varsel, og såleis også må konkludere.

Brækhus imøtegår også påstanden om erstatningsplikt for at prosessen har teke lang tid.

Dei viser til at forseinkinga skuldast forhold utanfor Varslingssekretariatet sin kontroll, mellom anna at talet på varsel auka, saman med omfattande kontradiksjonsmateriale.

Grafen har spurt Benson om det er «uforsvarleg» at handsaming av varsel tek lang tid når utsetjing skuldast fleire varsel mot same person og behov kontradiksjon.

Benson seier at det i utgangspunktet ikkje er det:

– Dersom det kjem fleire fortløpande varsel er det hensiktsmessig at dei vert handsama samla, seier han.

Leiinga meistra ikkje stå på nøytral grunn

I varselet meinar leiarane at Varslingssekretariatet ikkje har føreteke forsvarlege vurderingar om arbeidsgjevar sin styringsrett.

Dei meiner at Brækhus skulle gjort greie for betydninga og rekkevidda av arbeidsgjevar sin styringsrett i den situasjonen Sogndal kommune og dei omvarsla befant seg i, og den perioden varsla omhandlar.

Brækhus meiner at påstanden er «lite treffande» og viser tvert om til at styringsretten er avgrensa av saklegheitsprinsipp, og at vala til leiinga var uheldige og farga av konfliktnivået.

Dei viser til at tolkinga, for enkelte leiarar, har støtte i Arbeidsmiljøspesialistane sin rapport der det kjem fram at leiinga ikkje meistra å stå på nøytral grunn.

Til sist meiner Brækhus at prosessen har vore gjennomført på forsvarleg måte.

Grafen har valt å anonymisere kjeldene av omsyn til risiko for represalier. Nokre har også eksplisitt bede om å vera anonyme. 

Advokat Birthe M. Eriksen som representerer dei fire leiarane har ikkje ville svare Grafen på spørsmål. Eriksen har hatt heile tre dagar til disposisjon.

TIPS OSS: Grafen tek i mot tips som gjeld administrasjonen, også om saker som ligg langt bak i tid. Vi handsamar alle tips, kommunikasjon og kjelder konfidensielt. Gå til: grafen.media/tips