Snikfilma kvinneleg soldat i dusjen 38 ganger – fekk tilbod om bonus på kr 550 000,-


I løpet av dei siste fire åra har Forsvaret gjeve tilbod om sluttpakke til minst 15 tilsette som har vore involvert i straffesaker. 

Ein av dei som fekk tilbod om etterlønn og bonus hadde filma soldaten Julie Sandanger (25) medan ho dusja på jobb for det norske forsvaret. Mannen var næraste sjef og befal.

Fleire rapportar seinare fekk den filmglade mannen tilbod om etterlønn i seks månader og utbetaling av bonus på kr 550 000,- frå Forsvaret. Ein ordentleg gåvepakke sidan personell må ha arbeida minst ti år før slik bonus kan utbetalast.

Mannen avslo derimot tilbodet og fekk saka prøvd for Forsvarssjefen sitt råd som handsamar saker om oppseiing og avskjed. Rådet gjorde vedtak om avskjed. Dette vart seinare påklaga til Forsvarsdepartementet, og er på publiseringstidspunktet ikkje avgjort.

Forsvaret hyra inn konsulentselskapet PricewaterhouseCoopers [PwC] som i ein fersk rapport har skreve at dei meiner det framstår som «uheldig praksis» å tilby økonomisk kompensasjon til tilsette som Forsvaret har ein klar oppfatning av at har gjort noko ytterst klandreverdig.

Les også: Amerikanske marinegastar pågripne i Sverige for sexkjøp av ukrainarar