Amerikanske marinegastar pågripne i Sverige for sexkjøp av ukrainarar


To amerikanske marinegastar frå militærfartøyet USS Forrest Sherman vart onsdag pågripne i Sverige for sexkjøp av ukrainske prostituerte. 

Towe Hägg i politiet i Stockholm seier i kommentar til Grafen at hendinga fann stad 16. mars på ei leiligheit som vart brukt som bordell i bydelen Gärdet i Stockholm.

I følgje Hägg vart i alt fire personar pågripne. To av desse var svenskar og to amerikanske marinegastar. Ein av amerikanarane er mistenkt for sexkjøp to ganger. Alle er sett fri frå varetekt.

Jagaren USS Forrest Sherman høyrer til Atlanterhavsflåten i den amerikanske marinen. Den har heimehamn i Norfolk i Virginia. Ein jagar [eng. «Destroyer»] er eit hurtiggåande krigsskip av middels storleik væpna med torpedoar, antiubåtvåpen og rakettar.

Skipet kom til Stockholm måndag 14. mars.

HAR ULYDIG MANNSKAP: Kommandør Greg Page på jagaren USS Forrest Sherman. Foto: Den amerikanske marinen.

– Dette hamnebesøket vil gi mannskapet ein sjanse til å oppleve den rike historien til Sverige samtidig som dei får og styrker relasjonar med ein viktig europeisk partner, sa kommandør Greg Page i pressemelding om besøket.

Den amerikanske kommandøren har dermot ikkje svart Grafen på spørsmål om opplevingane og historien USS Forrest Sherman har skapt og sjølv blitt del av under europabesøket sitt.

Andre medier har forsøkt få kommentar frå den amerikanske ambassaden, men heller ikkje den vil uttale seg.

Towe Hägg ved politiet i Stockholm seier at dei amerikanske gastane risikerer dagbøter. Det er inntekta som avgjer kor mange dagbøter dei får for sexkjøpet.

Grafen har begjært innsyn i heile saka, men politiet vil ikkje utlevere dokument no sidan den framleis er under etterforskning. Dette kan endre seg når saka er endeleg avgjort.