Andreas Lia i Kongsberg-politiet tiltalt for politivald


Politibetjent Andreas Lia i Kongsberg-politiet er tiltalt for vald etter at han gjekk laus på to unge menn på Kongsberg.

Hendinga fann stad ved Esso Deli de Luca-stasjonen på Kongsberg natt til søndag 30. oktober 2022. Det er Spesialeininga for politisaker som har teke ut tiltalen.

Eit videoklipp som Dagbladet har fått tilgang på viser at Lia plutsleg slenger den 26 år gamle mannen i bakken og slår mot hovudet og overkroppen medan ein annan betjent sat på føtene hans.

– Medan eg lå på asfalten, køyrte han kneet mot halsen min. Eg heldt på å svime av og trudde han skulle kvele meg slik at eg døydde, sa 26 åringen til Dagbladet.

Etterforskingsleiar ved Spesialininga for politisaker Marit Storeng opplyser at rettsaka ikkje er beramma for Buskerud tingrett enno. Lia er teken ut av operativ teneste.

Sletta bevis – er framleis under etterforsking

I tillegg til valdsepisoden skal politiet også ha sørga for å slette videoopptak som vart gjort på staden.

Ein annan politibetjent som Grafen på noverande tidspunkt ikkje kjenner identieten til låste opp telefonen til ein kamerat av fornærma som filma hendinga. Dette skal han ha gjort ved å halde telefonen foran ansiktet hans, og deretter også sletta det som låg i «nyleg sletta-mappa».  Politibetjenten er i følgje Spesialeininga for politisaker under etterforsking.

Førsteamanuensis ved Politihøgskulen, Gunnar Thomassen, seier i kommentar til TV2 at han ser svært alvorleg på forholdet.

– Det bryt heilt grunnleggjande rettstatlege prinsipp. Det er nettopp slike ting som har negativ innvirkning på tilliten til politiet, seier han.

Han trur det kan vere mørketal, og at det er naivt å tru at dette ikkje skjer oftare enn her.

Avviser forsvarar-konflikt

John Christian Elden overtok fredag som advokat for Lia. Dagen før, torsdag, uttalte han til Dagbladet at:

– Det er eit stort problem at vi ifølgje Spesialeininga for politisaker ikkje kan stole på politiet sine rapportar. Dei er bærebjelken for straffesaker, og om domstolane skal gå til eit så dramatisk skritt som å setje nokon i fengsel. Det å gi uriktige rapportar er eit alvorleg straffbart forhold som skal medføre fengselsstraff, og som domstolane må sjå svært alvorleg på om det skjer.

Dagen etter var Elden advokat for politibetjenten, og heldt han fast ved sin tidlegare uttale:

– Eg står ved mine generelle vurderingar i går.

Du har rett til å filme politiet

Ein dom frå lagmannsretten sler fast at kven som helst kan ta bilde og video av politiet – også i aksjon – og publisere innhaldet i sosiale medier.

Politiet kan difor ikkje pålegge folk å slutte å filme eller ta bilete. Skjer dette må du notere deg tenestenummer eller forsøkje identifisere politibetjenten og anmelde forholdet.

Grafen har det siste året skrevet om fleire saker om politivald. Nedanfor kan du lese nokre av dei:

Les også: Politibetjent i Bergen truga med drap og skalleknusing

Les også: Truga Grafen med PFU same dag han skulle møte i retten for trugslar

Les også: Politibetjent Jostein Langballe: Eg skal skambanke deg!

Vekkjer reaksjonar på sosiale medier

Den valdstiltalte politibetjenten har blitt sterkt kritisert på sosiale medier etter den alvorlege hendinga. Ein debattant på Twitter omtalar han slik: