Politibetjent frå Mo i Rana risikerer åtte års fengsel


Måndag neste veke går straffesaken mot politibetjent Tom-Runar Johnsen (38) frå Mo i Rana. Han er tiltalt for valdtekter, misbruk av overmaktsforhald og grovt brot på tenesteplikta. Forsvarer John Christian Elden seier i kommentar til Grafen at politibetjenten ikkje erkjenner straffeskuld etter tiltalen.

Det er sjefen for Spesialeininga for politisaker som har teke ut den alvorlege tiltalen. 

Den første episoden politibetjenten er tiltalt for fann stad i juli 2018 då han skal ha bunde ein kvinneleg kollega med tråd rundt hender og føter, og sagt at ho skulle «straffast» seksuelt. Kvinna vart bunden slik etter avtale med mannen.

Seinare ombestemte kvinna seg og sa nei, bad han stoppe og forsøkte sparke han vekk. I følgje tiltalen førte politibetjenten ein agurk inn i analen til kollegaen sin.

Les også: Lensmann utnytta 25 år yngre kvinne – no er han dømd

Les også: Politibetjent tiltalt for misbruk av stilling for å skaffa seg seksuell omgang

Les også: Politibetjent i Bergen truga med drap og skalleknusing

Den andre episoden fann stad i juli 2019. Også her vart kvinna bunden på hender og føter etter avtale. Kvinna sa nei då ho fekk gjenstander i analen og bad han om å sleppe ho laus.

Andre forhold han er tiltalt for er å ha skaffa seg seksuell omgang ved misbruk av stilling:

  • I september 2017 etter at han kom i kontakt med ei kvinne som ville anmelde tjuveri.
  • I perioden hausten 2017 til sommaren 2018 som praksisrettleiar for student.
  • I perioden oktober 2017 til desember 2019 kontakt med kvinne om narkotikamiljøet i forbindelse med etterforskning og ordensoppdrag.
  • Våren 2019 gav råd til kvinne som var plaga av tidlegare sambuar og utnytta situasjonen.
  • I perioden august 2018 til desember 2019 kontakt med kvinne i forbindelse med etterforskning og ordensoppdrag. 

Han er også tiltalt for grove brot på tenesteplikta der han hadde seksualisert kommunikasjon med ei kvinne som ville anmelde valdtekt: I følgje tiltalen føregikk den seksualiserte kommunikasjonen tildels i same kommunikasjon som at kvinna opplyste om valdtektsforhaldet og eller ønskte råd frå han om å anmelde. 

Ekspertar til Grafen: – Risikerer minst 8 års fengsel

Juridisk rådgjevar i Spesialeininga for politisaker, Kaja Løhren Borg, seier til Grafen at dei ikkje vil leggje ned påstand om forvaring for politibetjenten. Dermed får han ordinær fengselsstraff viss han blir dømd. 

Straffesaken byjar 17. januar og vil halde fram til 25. februar i følgje Borg.

Professor Gert Johan Kjelby som er prosjektleiar ved politi og påtalerett ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen, seier i kommentar til Grafen at han ikkje er kjent med at det føreligg samanliknbar sak frå rettspraksis:

– Normalstraffa for éin valdtekt til samleie er 4 år. Etter praksis vert det idømt 5 år eller meir for to tilfeller, avhengig av omstende.

– Fleire tilfeller av seksuell omgang ved misbruk av stiling gjev etter rettspraksis isolert sett mellom 2 ½ – 3 års fengsel etter rettspraksis om legar.

Kjelby seier at i denne saka er misbruk av stilling som polititenestemann svært framtredande når det gjeld alle dei fem fornærma. Dette er noko han trur må ileggast svært stor vekt på i skjerpande retning. Kor mykje kjem på omstende i saka.

Han meiner at dersom det vert domfellelse etter tiltalen for to valdtekter og fem tilfeller av seksuell omgang ved misbruk av stilling og brot på tenesteplikt så trur han at straffepåstanden vil liggje på minst 8 års fengsel.

Førsteamanuensis Steinar Fredriksen ved Politihøgskulen seier til Grafen at strammerammene er som følgjer: 

  • Valdtekt til samleie, strl. § 292, jf. § 291: Minimum 3 års fengsel, maksimum 15 år.
  • Misbruk av overmaktsforhald mv., strl. § 295: Fengsel inntil 6 år.
  • Grovt brot på tenesteplikt, strl. § 171: Bot eller fengsel inntil 2 år.

Fredriksen viser til at tiltalen nemner at strl. § 79 bokstav a kjem til anvendelse:

– Dette betyr at strafferammene skjerpast på grunn av at tiltalen omfattar fleire straffbare forhold som pådømmast samtidig. 

– Maksimumsstraffen for det straffebodet i tiltalen som har høgast strafferamme vert forhøga med inntil det dobbelte, men ikkje med meir enn 6 år, og aldri til ein maksimumsstraff på 21 år.

Han meiner at sidan maksimumsstraffen for valdtekt til samleie er 15 år, kan ein plusse på 6 år, noko som gjev total maksimumsstraff på 21 år i dette tilfellet.