Politibetjent tiltalt for misbruk av stilling for å skaffa seg seksuell omgang


Politibetjent Eivind Mølmen Lægland (32) er tiltalt for misbruk av stilling for å ha skaffa seg seksuell omgang med ei mindreårig jente i ein sivil politibil i arbeidstida.

Lægland er politibetjent ved Ullensaker lensmannskontor i Osloregionen.

Les også: Stupfull politimann køyrde utfor vegskrent og rett i stolpe etter fest med to politikvinner i bilen

Jenta er over seksuell lågalder, men under 18 år då misbruket skal ha skjedd. I følgje tiltalen var jenta i særleg sårbar livssituasjon fordi ho var under barnevernstenesta si omsorg, hadde psykiske lidingar og var fornærma i ei straffesak om seksuelt overgrep.

 Gjennomført i sivil politibil

Spesialeininga for politisaker skriv at overgrepet vart gjennomført i ein sivil politibil tilhøyrande Aust politidistrikt og i arbeidstida til Lægland som politibetjent ved Ullensaker lensmannskontor.

Les også: Politiets innsatsleiar utnytta kvinner i sårbar situasjon seksuelt

Les også: Lensmann utnytta 25 år yngre kvinne – no er han dømd 

Jenta vart henta på Hvam vidaregåande skule og køyrd om lag to kilometer på Hvamsvegen.

Eit anna punkt Lægland er tiltalt for er seksualisert kommunikasjon på Snapchat med den same jenta i tida før og etter – alt medan han var tilsett som politibetjent.

Sendte bilete til sambuaren frå drapssak

Lægland er også tiltalt for brot på teieplikta for å ha sendt bilete frå ei drapssak til sambuaren sin med kommentaren «sagt av avdøde om eksmannen i fjor». I tillegg sendte han to bilete til sambuaren via Facebook med delar av politiets oppdragslogg frå same drapssak.

Les også: Politibetjent brukte politiet sitt register til ulovleg snoking og delte informasjon

Det er ukjent for Grafen kva sambuaren har nytta materialet til.

Ullensaker lensmannskontor har for Grafen ikkje ville stadfeste eller avkrefte om Lægland fortsatt arbeidar ved kontoret.