Lars Akerhaug: – NRK med propaganda om vindmøller forkledd som journalistikk


Resett-redaksjonssjef Lars Akerhaug har uttrykt misnøye med ein NRK-artikkel om vindkraft, og stiller spørsmål om artikkelen er betalt innhald frå vindkraftlobbyistar eller eit meiningsinnlegg.

Den aktuelle NRK-artikkelen vart publisert i dag med tittelen «Sju grunner til at Norge kan trenge mer vindkraft».

Akerhaug meiner artikkelen er like lite objektiv som tittelen.

Den byrjar med å ta opp at Noreg allereie er meir elektrifisert enn andre land, og at vi treng meir enn vasskraft om vi skal erstatte olje, naturgass og kol med elektrisitet.

«At mykje av straumen produsert i Noreg i dag vert sendt utanlands med kraftkablar vert ikkje nemnt med eitt ord», skriv Akerhaug.

Mantratet som vert gjenteke gjennom heile artikkelen er at Noreg treng meir fornybar kraft.

Artikkelen som er signert av journalist Rolv Christian Topdahl og Anders Nøkling nemner at Statnett og NVE trur at straumforbruket vil auke betydeleg på grunn av desse [fornybar]næringane i tillegg til elektrisifiseringa.

Journalisten utelèt bevisst korleis ACER-avtalen [EUs tredje energimarknadspakke, red. anm.] og Noregs tilknytning til den europeiske marknaden for straum driv prisane i vêret for vanlege forbrukarar.

Les også: Dette gjer situasjonen for Guleslettene spesiell

Akerhaug skriv at andre måtar å produsere straum på som havvind, solkraft og atomkraft vert nemnt, og forkasta.

«Det er ingen motrøyster, ingen forskarar som er kritiske til vindkraft eller reelle motrøyster», skriv Akerhaug, og avsluttar med at saka er lågmål frå statskanalen.

Les også: Skattejurist Berg-Rolness om vindparkane og skatteplanlegging: – Må til ei omfattende regelverksutvikling

– Vindkraft gir dyre systemkostnader

Styreleiar i Klimavenner for kjernekraft, Tore Kanstad, seier i kommentar til Grafen onsdag kveld at dei tykkjer NRK nemner eit par viktig ting, som at vi får eit kraftunderskot som er vanskeleg og dekke, og at havvind og vasskraft enten tek for lang tid eller har for lite potensiale.

– Det var litt snodig at dei klarte å vinkle saka og konkludere med at vindkraft på land er ei løysing; og den einaste, seier Kanstad.

–Vindkraft gir dyre systemkostnader sjølv om dei enkle møllene er billige. Resultatet er dyre avgifter i form av høg pris, nettleige eller skatt som i Danmark og Tyskland, seier han.

Les også: Jusprofesssor om gamle vindturbinar: – grunneigar har eit «forureiningsansvar»

Kanstad meiner NRK var litt vel raske til å avfeie kjernekraft:

– Kjernekraft er billig når ein ser på heile kraftsystemet og er faktisk den raskaste måten å byggje ut grøn kraft på målt i kWh årsproduksjon utbygd per år.

– Berre sjå kor raskt Sverige bygde ut grøn kraft for 40-50 år sidan, avslutta han.