Jusprofesssor om gamle vindturbinar: – grunneigar har eit «forureiningsansvar»

    – Det kan sjølvsagt tenkast at ein har forsømt vedlikehald i lang tid og at vindmøllene i realiteten er skrap, og der verdien på «skrapet» ikkje overstig kostnadane med demontering og fjerning. I så fall kan det vel tenkast at ingen vil ta ansvar seier professor Hans Fredrik Marthinussen ved Universitetet i Bergen til Grafen.

    Denne artikkelen er meir enn eitt år gammal og kan innehalde utdatert informasjon.

    Det var Hildegunn Vederhus som skreiv eit lesarinnlegg i Porten om at kostnadene ved å fjerne gamle vindturbinar kan føra til ruin for grunneigarar:

    «Det som skjer på grunneigars eigendom, er etter lova grunneigars ansvar. Må grunneigar bere opprydningskosten dersom investorar i kraftselskapa trekkjer seg ut, slår industrianlegget konkurs og forlet turbinar og naturområdet til kråkene? spør Hildegunn Vederhus om opprydding etter vindkraftverk i innlegget.»

    Grafen har spurt jusprofesssor Hans Fredrik Marthinussen ved Universitetet i Bergen om ansvar og kva grunneigar eventuelt kan gjere for å sikre seg, som ved å opprette eit aksjeselskap og overføra grunnen der.

    Grunneigar eller skattebetalarane kan sitje att med rekninga

    – No vil eg tru at det er mulig å få overteke ein vindpark etter ein konkurs, sidan ein då ikkje treng overta gjelda knytt til den, seier Marthinussen.

    Han har vondt for å sjå føre seg at ein vindpark vert heilt verdilaus:

    – Det kan sjølvsagt tenkast at ein har forsømt vedlikehald i lang tid og at vindmøllene i realiteten er skrap og at verdien på «skrapet» ikkje overstig kostnadane med demontering og fjerning.

    I så fall kan det vel tenkast at ingen vil ta ansvar, og eg trur at grunneigar i så fall har eit «forureiningsansvar», seier han.

    Kan overføra risiko til aksjeselskap

    Marthinussen seier at ein i prinsippet kan overføre eigedomen til eit aksjeselskap og beskytte seg, men ein må først få frådelt den aktuelle eigedomen.

    – Då endar vel staten opp med ansvaret til slutt.

    Les også: Dette gjer situasjonen for Guleslettene spesiell

    Les også: Skattejurist Berg-Rolness om vindparkane og skatteplanlegging: – Må til ei omfattende regelverksutvikling


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.