Skattejurist Berg-Rolness om vindparkane og skatteplanlegging: – Må til ei omfattende regelverksutvikling


Ordførar i Flora kommune, Ola Teigen, har reagert kraftig på funnet til TV2 om at innbyggjarane må betale 3,5 millionar kroner årleg for å byggja nye straummaster til vindparken Guleslettene.

Neste år skal vindparken i Sogn og Fjordane stå ferdig. Parken er lokalisert i kommunane Bremanger og Flora.

Saka dreier seg om eit regelverk som seier at den som utløyser nettet slepp betale, og difor slepp vindparken betale for utbygging av nett og nye kraftmaster i terrenget.

Energiselskapet Sogn og Fjordane Energi (SFE) må derimot ta heile rekninga, men får ingen av inntektene frå vindparken.

Difor må innbyggjarane betale prislappen i form av auka nettleige. I følgje berekningar TV2 har fått tilgang til, skal nettleiga auke med opptil 400 kroner per år, og den må betalast årleg i minst 30 år.

Teigen sa til TV2 at dei [kommunen] blir tappa for pengar som kjem skatteparadiset Caymannøyane til gode. TV2 har tidlegare avslørt korleis pengar frå Tellenes vindpark i Rogaland vert sendt via Irland til Caymannøyane. Saka vart utarbeidd i samarbeid med Senter for undersøkande journalistikk.

Vindpark til eigen kraftproduksjon

Verken Guleslettene er Tellenes vindpark leverer straum til norske husstandar eller bedrifter.

Guleslettene har selt heile kraftproduksjonen til smelteverket Alcoa for 15 år fram i tid, medan Tellenes har selt heile kraftproduksjonen til internettgiganten Google for 12 år fram i tid.

Det er ikkje uvanlig at dette vert gjort rundt om i Europa. Produsenten av Polarbröd i Sverige eig til dømes fleire vindparkar som forsyner eigen produksjon med eigen kraft. Det er også ganske vanleg for datasenter rundt om.

Det er såleis ikkje feil å satse på vindparkar i Noreg: kritikken som haglar inn er retta mot pengeflytting til skatteparadis, og at innbyggjarane må betala for utbygging av nett og kraftmaster i form av auka nettleige, og at vindparkane er skjemmande for naturen.

Polarbröd skriv på sine heimesider at Svensk Naturvernsforbund stør vindkraftutbygging som vert plassert på område som ivaretek og skånar natur og dyreliv.

Polarbröd viser også til at områda dei har vindparkane sine ikkje har sårbar natur som fjell og kystlandskap. Altså er vindparkane her passert langt inne i djupaste skogen i motsetnad til vindparken på Guleslettene.

Naturvernforbundet i Norge har kritisert Guleslettene og kallar utbygginga for «rasering av natur og friluftsområde».

Statssekretær: – Har forbetra regelverket

Statssekretær Jørgen Næsje (Frp) seier til Grafen at det er viktig for regjeringa at økonomisk verksemd i Noreg skattar hit:

– I Noreg har vi rentebegrensningsreglar for å hindra at overskot vert fytta ut av landet og til lavskattland. Reglane slår inn dersom rentefrådraget er over 25 millionar kroner og utgjer meir enn 25 % av overskotet.

Næsje seier at regelverket vart forbetra frå 2019 slik at ein ikkje skal kunne ha mykje høgare gjeld i den norske delen av konsernet.

Han vil også leggje til at det først blir skatt når eit selskap går med overskot og når framførbart underskot er brukt opp.

– Det er eit viktig prinsipp at ein får frådrag for dei kostnadane ein har hatt. Men det er som sagt begrensningar på rentefrådraga, seier Næsje.

Skattejurist: – Må til ei omfattende regelverksutvikling

Grafen har forelagt svaret frå statssekretæren til skattejurist Gregar Berg-Rolness, og spurt om han er eining, og om tiltaka til regjeringa fungerer.

Berg-Rolness seier til Grafen at det må til ei omfattande regelverksutvikling før vi og andre stadar med høgt velferdsnivå får stoppa flyttinga av overskot til skatteparadisa:

– Når det vert laga eigar- og finanansieringsstrukturar med konsernselskap i skatteparadis, er det pårekneleg at det vert drive aggressiv skatteplanelgging i ei aller anna form, seier han.

Berg-Rolness viser til at rentebegrensingsregelen som kom i 2019 har ein unntaktaregel som inviterer til tilpassingar, og at ein må følgje med på utviklinga.

Les også: Dette gjer situasjonen for Guleslettene spesiell