Vindpark: Dette gjer situasjonen for Guleslettene spesiell


Grafen har tidlegare skreve om vindparken Guleslettene i Sogn og Fjordane. Saka dreier seg om eit regelverk som seier at den som utløyser nettet slepp betale utbygginga, og difor må kundane ta heile rekninga.

Les også: Skattejurist Berg-Rolness om vindparkane og skatteplanlegging: – Må til ei omfattende regelverksutvikling

Ikkje rettferdig at kundane får rekninga

Konserndirektør i SFE Energi, Asgeir Aase, seier til Grafen at det som gjer situasjonen for Guleslettene spesiell er at den nettmessige lokaliseringa av vindkraftverket gjer at tariffinntektene frå vindparken går til sentralnettet (Statnett sitt nett), og ikkje til regionalnettet (SFE sitt nett) som faktisk er det nettet som må oppgraderast.

– Dette regelverket, definert av styresmaktene, gjer at det er nettkundane i vårt område som får denne rekninga, og det er etter vår meining ikkje rettferdig. Vi i SFE Nett har i fleire år kjempa i mot denne ordninga og framleis har vi dette høgt på agendaen, seier Aase.

Han seier at det ikkje er gjort detaljerte berekningar rundt etablering av Guleslettene vindpark og nettleige, men eit overslag over omtrentlege utslag for andre kundar som følje av nettinvesteringa.

– Dagens 132kV-line, som SFE ventar har ei restlevetid på minst 20 år til, kanskje 30 år, må sanerast. Det må reetablerast ei linje med kostnad 170 millionar kroner, som elles ville vore unødvendig dei komande 20-30 åra.

Kostnad med for tidleg sanering og reinvesteringa må ut frå regelverket betalast av vanlege uttakskundar.

Nye reglar frå januar 2019

Aase seier til Grafen det er viktig å ha med seg at Guleslettene vindpark vart påbegynt før det i januar 2019 kom nye reglar om kostnadar til nettilknyting for vindkraftverk.

– Slik regelverket var tidlegare, eit regelverk SFE har vore klar motstandar imot, slapp vindkraftverk å betale denne nettkostnaden, trass i at det var vindparken utløyste nettinvesteringa.

Regelverket er no endra, og vindkraftverk som har fått konsesjon etter 1. juli 2018 og vert tilknytt dette nettnivået må sjølv betale ein andel av rekninga (normalt 50 %) for nettilknyting sjølv.

Kundane i Florø må betale 3,5 millionar kroner

Aase seier at årleg kostnad med betaling, avskriving, drift og vedlikehald av det aktuelle nettet medfører om lag 1,5 – 2 øre i kostnad pr. kWh, eller 3-400 kr/typisk husstand per år.

Fordelt på samla kundemasse i Florø kommune vil det utgjere om lag 3,5 millionar kroner per år. Han legg til at det råkar alle kundar som er forsynt via det regionale nettet, noko som vil seie fleire enn kundane i Florø.

Nettleiga til SFE Nett går ned frå nyttår, men Aase seier at denne kunne vore senka vesentleg meir dersom denne feilen i regelverket hadde vore retta på.

Han avsluttar med at ingen kraftftverk er like i høve til korleis det påverkar nettet.

– Til dømes vil dei andre lokale vindkraftverka i vårt distrikt: Hennøy, Bremangerlandet og Okla ikkje medføre tilsvarande nettomkostning ut frå korleis dei er tilknytt straumnettet.