Politietterforskar dømd for telt-tjuveri


I sommar tok Marthe Josefsen Bakkemo (40), som er politietterforskar ved Nordland politidistrikt i Bodø, med seg eit Helsport Reinsfjell Superlight 3-turtelt til 10 000 kroner frå ein Sport 1-butikk i same by.

Les også: Politibetjent tiltalt for misbruk av stilling for å skaffa seg seksuell omgang

I følgje dommen skal Bakkemo ha pakka teltet inn i eit trekk som høyrde til eit liggjeunderlag av typen «SynMat TT 9 LW», og betalt for dette underlaget, men med teltet i trekket.

Etterforskaren viste i tillegg fram medlemskort til ein politiorganisasjon som gav 15 % rabatt på underlaget.

La ut bilete frå turen på Instagram

Det var ei helg nokre veker seinare etterforskaren var på tur på Langsanden i Gildeskål kommune, og nytta det omtalte teltet. Der la ho ut bilete frå turen på Instagram med utsikt frå teltopninga.

Ein månad seinare var det same teltet i bruk igjen, denne gang på Finnesfjellet der ho også la ut bilete på Instagram-kontoen sin.

Les også: Politibetjent fekk bot for journalsnoking

I retten forklarte Bakkemo at teltet allereie var plassert i trekket til liggjeunderlaget då ho kjøpte det, men retten meinar at det naturlege ville vore at ho då lot teltet liggje uopna og kontakta butikken.

Det var ved ein kontroll at butikksjefen meinte det mangla eit turtelt, og meldte frå.

I følgje forklaringa til etterforskaren var ho godt kjent i sportbutikken og viste kvar både telt og liggjeunderlag var. Butikksjefen har forklart at det ikkje tek meir enn 15-20 sekunder å bytte om innhaldet i det aktuelle trekket.

Retten meiner at det frå opplysningar om autopasspassering og tidspunkt for betaling er lagt til grunn at etterforskaren var fem minutt i butikken, og at det i dette tidsrommet var fullt mulig å føreta ombytting av innhald i trekket.

Les også: Dommar i Oslo tingrett lasta ned barneporno i arbeidstida

Suspendert til rettskraftig dom

Bakkemo har i følgje Nrk anka saka til lagmannsretten. Ein rettskraftig dom vil vere oppsigelsesgrunn frå stillinga i politiet, men så lenge den ikkje er rettskraftig vil etterforskaren framleis vera suspendert, og kunne heve lønn.

Tips oss gjerne om kritikkverdige forhold i politiet. Send tips anonymt her, eller på e-post til: tips@grafen.media