Politimann som fyllekøyrde får dommen neste veke


Det var politibetjent Karl Martin Aas Østby (28) i Vest politidistrikt som køyrde utfor ein vegskrent og rett i ein stolpe etter fest i Ytre Honningsvåg i Stad kommune i fjor sommar. Neste veke får han dommen. 

Utforkøyringa fann stad laurdag 20. juni klokka 00:25 om natta, men verken Østby eller dei to politikollegane hans varsla om ulukka. Det var forbipasserande som ringte Alarmsentralen Sogn og Fjordane kl. 08:51 om morgonen, og melde frå.

Les også: Grafen har fått «tampongpatrulje»-rapporten om Vest politidistrikt

Les også: Hyllestad-lensmann køyrde bil i pillerus

Dei tre politikollegaene var på ein hyttefest nær ulukkesstaden, der det skal vera 30-sone og smal veg. I følgje dokument Grafen har fått arbeidar den eine kvinna i stillinga politibetjent 3, som er det høgste nivået i politiet.

Den andre kvinna arbeidar primært med publikumsekspedering ved politistasjonen.

Politiet sjølv har vore sparsommelege på opplysningar og har ikkje ville seie noko om kor høg promille føraren hadde.

Grafen får opplyst at kollegaene som var med i køyretøyet verken er sikta eller ilagt tenestlege reaksjonar. Det betyr i praksis at passasjerar ikkje treng varsle om trafikkulykker og blir heller ikkje straffa om dei unnlet varsle.

Østby som førar av køyretøyet vart derimot sikta for promillekøyring og for ikkje å ha varsla politiet om utforkøyringa. Saka gjekk som tilståingssak fredag 8. januar.

I følgje opplysningar Grafen sit på vart tilståingssaka registrert på tingrettsdommar Jørn Lasse Refsnes Førde, som har førebudd saka for dommarfullmektig Gjertrud Bøhn Mageli. Førde arbeida heile 13 år i Vest politidistrikt, der også Karl Martin Aas Østby var ansatt, før han sette seg på andre sida av bordet, denne gang som dommar.

Mageli seier til Grafen at dommen etter planen skal vera klar innan utgangen av neste veke.

Les også: Politibetjent fekk bot for journalsnoking

Har du tips i saka? Send gjerne informasjon til tips@grafen.media eller anonymt i skjema her