Dommar i Oslo tingrett lasta ned barneporno i arbeidstida


Tingrettsdommar Arild Nesdal i Oslo tingrett er tiltalt for nedlasting av barnepornografi. Det går fram av berammingslista til Follo tingrett. 

Det var i januar 2019 Nesdal vart sikta for å ha skaffa seg og hatt til rådveld overgrepsmateriale som viser seksualisert innhald med born.

I følgje Nettavisen nekta Nesdal skuld den gang, og søkte avskjed på dagen då nyheita vart kjent. Han fekk også innvilga avskjeden.

Les også: Hyllestad-lensmann køyrde bil i pillerus

Den 25. mai er det beramma straffesak mot Nesdal som no har valgt å tilstå forholda han er anklaga for, og får av ein eller annan grunn tilståelsessak med berre ein dommar. Mest truleg vil saka gå utan publikum og digitalt med sorenskrivar Trine Standal.

I følgje siktelsen lasta han ned barnepornografi i arbeidstida medan han arbeidde i lokala til Oslo tingrett, og det var Domstoladministrasjonen som arbeidsgjevar som oppdaga ugjerninga.

Les også: «Dark Room»-politimannen fekk lønn frå politistasjonen i Bergen heilt fram til nyttår

Ole Kristian Bjørge som er politiadvokat for Kripos har ikkje ville opplyse om kva påstand dei vil leggje ned.

Ukultur

Grafen vil følgje opp saka og stilla spørsmål ved ein ukultur der høgståande offentlege tenestemenn, også PEP-lista, får seie opp stillinga på dagen, og få dette innvilga. Hovudregelen er at arbeidsgjevar sjølv reiser avskjedssak – og dette har mykje å seie for tilliten til rettssystemet og internjustisen til Domstoladministrasjonen – som er ein regjeringsorganisasjon.

Handlemåten som er gjort kan også ha følgjer økonomisk og gjennom formelle papir som sluttattest. Erfaringsvis må ein grave i mange år for innsyn i slike dokument. Det neste er at saka går som einedommarsak. I tilsvarande saker der privatpersonar er involvert går dei fleste som meddommarsak uavhengig tilståelse.

På berammingslista til Follo tingrett går saka 25. mai som einedommarsak/tilståingssak, noko som er uvanleg for slike saker. Foto: Grafen.