Omstridd advokat kritisert etter brot på reglane for god advokatskikk

Faksimile av Facebook-sida til Rune Tysse sitt advokatfirma som skifta namn til ‘Eine’. Her står det at Eine har «røter» attende til 1994 då Rune Tysse starta advokatkarriera si i Førde.

Disiplinærutvalet til Advokatforeininga vedtok samrøystes å kritisere den omstridde «barnevernsadvokaten» Rune Tysse som held til i Sogndal.

Her kan du lese heile avgjerda til disiplinærutvalet [PDF dokument]

Saka dreier seg om at Tysse førebudde ei sak til Sogn barnevern der ektefellen hans Elin Pettersen Tysse er tilsett og bidrog i sakshandsaminga.

Ektefellen har vore fagleiar i lengre tid og fungert som konstituert leiar for noverande barnevernsleiar Hadle Blikra, som har vore sjukmeld.

Disiplinærutvalet skriv at ektefellens rolle i saka er slik at det kan oppstå tvil om advokatens råd og handlingar.

Utvalet meiner at advokatens evne til å kunne ta standpunkt på tvers av barnevernet sine ønskjer og fremje eige syn på saka vil kunne bli sterkt svekt i tilfeller der advokatens ektefelle har delteke i sakshandsaminga frå barnevernet si side.

Sjølvmotseiande tilsvar

Disiplinærutvalet skriv at Rune Tysse gav eit sjølvmotseiande tilsvar i disiplinærsaka når han hevda at Sogn barnevern i «samtlege saker» der ektefellen har hatt sahandsamarfunksjon har gjeve advokatoppdraget til eit anna advokatkontor, samtidig som han opplyser om at ektefellen deltok på møter.

Utvalet er tydeleg på at dei finn det godgjort at ektefellen, Elin Pettersen Tysse, har hatt rolle i saka som gjer at den kvalifiserer som sakshandsamarfunksjon.

Dei skriv også at dersom ordninga om tildeling av barnevernssaker hadde vore følgd i dette tilfellet, skulle det tilseie at advokaten ikkje skulle teke oppdraget. Dei viser til at ordninga er etablert for å unngå habilitets- og uavhengigheitstematikk i sakene.

Ingen enkeltsak: Rune Tysse har hatt mange oppdrag for Sogn barnevern

Grafen avslørte i 2018 at firmaet til Tysse fekk verdifulle oppdrag av Sogn barnevern utan anbod. Ei nærare gjennomgang av fakturaer og utbetalingar frå kommunen viste at oppdraga var svært verdifulle.

Ikkje berre det: oppdraga auka markant etter at Tysse flytta frå Førde til Sogndal til ektefellen sin som arbeida i barnevernet.

Fakturaer Grafen har sett på har verdi på totalt 4,2 millionar kroner frå år 2011 til mars 2018. Av desse var 3,5 millionar kroner utan anbod – også kjent som ulovleg direkte anskaffelse. Det var først då Grafen byrja grave i saka at tenestekjøpet vart lyst ut på Doffin.

I følgje skattelistene hadde advokaten eit hopp i inntekta på om lag 250 000 kroner i perioden 2013-2014. I same periode auka utbetalingane frå barnevneret med 328 000 kroner.

Les også: Kommune betalte ut 3,5 millionar utan anbod

Om ikkje det var nok, stoggar ikkje historia der. Den tidlegare barnevernsleiaren Clara Øberg er bestemor til eit barn Elin Pettersen Tysse har saman med hennar son.

I arbeidsavtalen til Tysse [dok. 22, red. anm.] står det at «din næraste overordna er tenesteleiar for sosiale tenester Clara Øberg. I Øberg sitt tenestebevis framgår det at ho delar same bustadadresse som Tysse.

Les også: Advokat om barnevernsarbeidarar: – Slike yrke tiltrekkjer seg maktsjuke folk, og særleg maktsjuke kvinner

Les også: Frifunnen for «netthets» mot barnevernsleiar – ukultur i Sogndal politistasjon

Grafen har spurt disiplinærutvalet for advokatforeininga om dei er kjent med dei store pengeutbetalingane som har pågått over lang tid, og om advokat Rune Tysse kan ha utvist manglande uavhengigheit over fleire år gjennom arbeidet i Sogn barnevern. Grafen har på publiseringstidspunktet ikkje fått svar frå foreininga. 


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.