Elden: – Tvilar på at det er i samsvar med god presseskikk


BROT PÅ VER VARSAM-PLAKATEN: Ein av dei mange artiklane publisert på nettstaden til Sogn Avis. Ingressen i saka tilseier den skulle hatt tilsvar. Foto: Grafen.

Eli Grotle, journalist i Sogn Avis, har dei siste dagane skreve ei rekkje artiklar om samfunnsdebattant Alf Kollsete, som var tiltalt for påstått «netthets».

Dei fleste sakene til Grotle inneheld svært sterke påstander i både tittel og ingress.

Felles for sakene som er publisert på nett og papir er at dei bevisst utelét tilsvar, eller at tilsvar er skjult bak betalingsmur.

Det var samfunnsdebattant Alf Kollsete som 18. oktober måtte møta i Sogn og Fjordane tingrett for påstått «nettsjikane» mot tidlegare barnevernsleiar, og høgrøsta Arbeidarparti-politikar Clara Øberg.

Les også: Saka mot Kollsete viser berre fram korrupsjon og ukultur i Vest politidistrikt

Fleire reagerer på korleis lokalavisa har vinkla saka, og ikkje minst korleis politiadvokaten har brukt avisa til å førehandsdømme.

Advokat John Christian Elden seier til Grafen at nettutgåva [til Sogn Avis] reiser viktige presseetiske spørsmål når dei kjem med ein påstand i overskrifta utanfor betalingsmur, medan det eventuelle tilsvaret ligg bak slik mur.

– Eg tvilar på at det er i samsvar med god presseskikk, seier Elden.

MANGE PÅSTANDER OG FØREHANDSDØMMING: Eli Grotle har utforma sakene sine med mange påstander. Som denne saka, med billedtekst: «må straffast». Kva Kollsete sjølv eller advokaten meiner står det ingenting om. Foto: Grafen.

Bøllejournalistikk?

Dei fleste artiklane til Grotle inneheld nedsetjande påstander om Kollsete. Fleire utan rot i verkelegheita.

Det er redaktør Jan Inge Fardal som er ansvarleg for det som vert publisert på nettstaden og i avisa, ikkje Grotle.

Grafen har vist Fardal sitat frå advokat Elden, og utklipp frå dei aktuelle artiklane. Fardal har ikkje ville svare på om han har brote god presseskikk.

Kollsete sin advokat, Ivar Hauge, seier til Grafen at han har meir tiltru til systemet og domstolen enn at dei let seg påverka av presseoppslag.

Han legg til at dei fekk fram sitt syn på saka.

–  Kollsete forklarte seg på ein god og opplysande måte. Det har nok retten fått med seg, legg Hauge til.

Han reagerer også på Sogn Avis sine oppslag:

– Eg rekna jo med at tiltala sitt standpunkt kjem med i sjølve innlegget, slik at også det kom med i oppslaget. Noko anna ville jo vere heilt uakseptabelt og presseetisk uakseptabelt.

På spørsmål om Ivar Hauge ventar full frifinning svarar han:

Ja, for all del.

Utdrag frå «Ver Varsam-plakaten» sine publiseringsreglar:

4.1. Legg vekt på saklighet og omtanke i innhold og presentasjon.
4.2. Gjør klart hva som er faktiske opplysninger og hva som er kommentarer.
4.4. Sørg for at overskrifter, henvisninger, ingresser og inn- og utannonseringer ikke går lenger enn det er dekning for i stoffet.
4.5. Unngå forhåndsdømming i kriminal- og rettsreportasje. Gjør det klart at skyldspørsmålet for en mistenkt, anmeldt, siktet eller tiltalt først er avgjort ved rettskraftig dom.
4.14. De som utsettes for sterke beskyldninger skal så vidt mulig ha adgang til samtidig imøtegåelse av faktiske opplysninger.
4.15. De som er blitt utsatt for angrep skal snarest mulig få adgang til tilsvar.