Advokatforeningen: – Rettsstaten vert bygd ned, for stor tillit til det staten legg fram


ROT MED TAL: Dagbladet feilpresenterer tal for å gje uriktig inntrykk av Russland. Foto: Dagbladet/Grafen.

I ein artikkel publisert 28. oktober hevdar Dagbladet at Noreg er langt bak Russland, Tyrkia og Romania på saker til Den europeiske menneskerettsdomstolen. Men det er feil.

Dagbladet påstår at:

«I toppen av lista er det ingen store overraskelser. I 2019 har EMD tatt hele 167 tyrkiske klagesaker til behandling. Deretter følger Russland med 138 saker, Romania med 94, Moldova med 82 og Ukraina med 64.»

og vidare:

«Historisk er det heller ingen tvil om at Russland og Tyrkia må kunne betraktes som EMD-verstinger.»

KORREKTE TAL: Grafen har justert tal saker etter tal innbyggjarar i landet. Då kjem Russland godt ut, men Noreg ligg på plass med Armenia, Bulgaria og Litauen. Foto: Grafen.

Men, Russland kjem godt ut i menneskerettsdomstolen: – NHRI vil ikkje seie noko

Grafen har målt tal saker medlemslanda har mot tal innbyggjarar i kvart av land. Russland har 144,5 millionar innbyggjarar og som Dagbladet skriv «heile» 138 saker. Dette gjer at Russland får knapt 1 sak per 1 million innbyggjar.

Tilsvarande for Noreg er 6 saker.

Grafen har spurt Norges instutisjon for menneskerettigheter (NHRI) om kommentar til saka på desse spørsmåla:

«Når vi ser på saker til EMD siste åra kjem Norge dårligare ut enn f.eks Russland. Det gjeld også ved 5-års periode. Noreg ligg klemt mellom nokre land i Aust-Europa; Armenia, Bulgaria, Litauen.»
 
– Kva trur du er årsaka til det?
– Kva meiner du er den største utfordringa i det norske rettssystemet?

Fagdirektør Anine Kierulf ved NHRI seier at ho sit i føredrag heile veka, og ikkje kan svare. I staden viser ho til Anniken Barstad Waaler eller Erlend Methi. Ingen av desse har ville svare Grafen.

Heller ikkje kommunikasjonssjef Elianne Kemble-Clarkson har kunne gje Grafen eit tydeleg svar på spørsmåla, men i staden omgår Kemble-Clarkson spørsmåla og forsøkjer vise til ei årsmelding.

Advokatforeningen: – Rettsstaten vert bygd ned, for stor tillit til det staten legg fram

Advokat Ingrid Lauvås i Advokatforeningen har derimot sagt til advokatbladet at rettsstaten vert bygd ned heile vegen og i alle ledd – frå politireforma i den eine enden, til forsvararane i den andre.

– At rettsstaten sakte, men sikkert vert bygd ned i Noreg, meiner eg er openbart, sa Lauvås til Advokatbladet.

Om trygdesakene til NAV seier ho at systemet i NAV er ekstremt vanskeleg å forstå for folk flest, og at domstolane har for stor tillit til det staten legg fram.

– Eg trur at domstolane har ein tendens til å stola på at staten ikkje lyg, og på at staten har rett. Ein må sjølvsagt kunne forventa at myndigheitene ikkje tek ut sak der det ikkje er grunnlag for det. Men om domstolane i det heile teke hadde høyrt på forsvararane dersom dei hadde greve seg ned i EØS-retten, er eg usikker på, held Lauvås fram.

Også leiar av forsvarargruppa i Advokatforeningen, Marius Dietrichson, trur at offentlege organ nyt for stor respekt og for stor tillit.

Av dei nordiske landa er det Island som kjem dårlegast ut. Ein stor del av sakene er relatert bankkrisa og angrep på journalistar.